Bernt Tore fekk nesten fullklaff og vann likegodt Strokastemnet 17-18 juli. Med seriane 145-100-100 var det ingen som greidde å tukte 345p. Nermast kom Elisabeth Skudalsnes, Førde med 344p. Men det var fleire frå Hyllestad skl. som markerte seg. Jørgen vann Juniorklassen med 348p og Lovise vart nr. 2 i Eldre rekrutt då ho nok ein gong skaut fullt hus 350p. Vi kan og legge merke til at nesten alle aspirantane på stemna kom frå Hyllestad. Det lovar godt for framtida.
|