Det vart heile 3 klassevinnarar frå Hyllestad på Vadheimstemnet 3.mai. Jørgen skaut for første gong 350p på eit stemne, og vann ER- klassen. I rekrutt- klassen vann Marit med 349p, mens Harry sette personleg rekord "på sine gamle dager" med 349p og vann V65 med heile 3 poengs margin. Vi gratulerer alle 3 med flott skyting!!. Nikolai skaut og svært bra og tok 3-plassen i Junior med 345p. Ellers kan vi vel nemne at vinden som vanleg i Vadheim gjorde det vanskeleg for cal. 22 skyttarane å hevde seg. Dei dårlege resultata på 200m viser vel og at vinden ikkje var av det enkle slaget her heller. Totalt deltok det 11 skyttarar frå Hyllestad.
BT
|