Det vart nok ei god helg for rekruttskyttarane våre. Endre knalla like godt til med fullt hus 350p på stemna til Leikanger og rangerte føre Lars Haugnes. I Fortun derimot vart rollene snudde, men 2 gonger 350 på ei helg må vel vere meir enn godkjent. Nikolai skaut også meget bra og enda på same samanlagtpoengsum som Endre på dei 4 stemnene.
Marit tok tre sterke 2 plassar i rekruttklassen etter suverene Magnus Ågotnes. Dei andre skyttarane våre byrjar og å bite bra frå seg, t.d. hadde Lovise ein sterk 25-skot i Fortun med 241.
|