Sundag 25. nov. vart det halde årsmøte i Hyllestad skyttarlag. Møtet var i Øen barnehage . Der møtte oss dekka bord med vaflar, kaffi, brus, frukt og konfekt. Det var hyggeleg, og takk til dei som laga til.
V i var samla 18 medlemer, frå 9 til 70 år
M øtet vart greitt leia av Per-Magnar. Årsmeldingane synte stor og god aktivitet i 2007. Ungdomsskyttarane våre
har gjordt det svært godt, med gode resultat og plasseringar.
Økonomien er så bra som ein kan vente, og syner forsvarleg styring. Men ein kan alltid ønskje meir resursar.
Nokre tillitsvalde hadde sagt frå seg attval, men valnemnda hadde funne gode folk til dei ledige verva.
Eit konstruktivt årsmøte med god stemning og tru på framtida for laget.
Vi ser med optimisme fram til eit nytt skyttarår!
H P
|