Vil du bli medlem i Skyttarlaget?

Hei !
 
Har du lyst å bli medlem i skyttarlaget vårt.  Alle norske statsborgarar kan bli medlem. Det er ikkje vanskelegå melde seg inn, og det er heller ikkje dyrt.  Det er i utgangspungtet ikkje nødvendig for å vere med på treningane til Skyttarlaget, men du har likevel nokre fordelar som medlem som du ikkje har dersom du ikkje er medlem:
 
Medlemsfordelar:
  • Gratias trening innandørs
  • Betalar kun for den ammunisjonen du brukar på utandørstreningane.
  • Kan delta i lagmeisterskap og andre tevlingar som laget arrangerer.
  • Kan delta på åpne stemne. (må vere medlem av skyttarlag!)
  • Personar over 18 år kan kjøpe ammunisjon hos skyttarlaget.
  • Medlemmar som er over 18 år får låne våpen til trening og konkurranse etter  nærare fastsette reglar.
  • Rekrutteringsskyttarar blir subsidiert etter vedtekne retningslinjer.
 
Prisen for medlemskap er:
Til og med fylte 17 år:  Kr 50.-- pr kalenderår
Frå og med det året du fyller 18:  Kr 100.-- pr kalenderår
Eit kalenderår startar 1.januar
 
Slik gjer du:
 
Fyll ut ein giro og send han til :
Jarle Sognnes
Brandsøy
6900 Florø
Betal inn til konto: 3837 05 10064,
 
NB: VIKTIG: Merk giroen med kven som skal bli medlem og  medlemmen sin fødselsdato.
Dette må vi ha for å kunne registrere eit medlemskap!
 
Er du interessert i skyting og det sosiale samværet med oss, er du velkomen på laget.
Vi ynskjer deg som medlem !
 
Treng du meir info, så ringjer du 57789450, og spør etter Harry.



Nye Lagsdrakter

Vil du bli medlem i Skyttarlaget?

Kjøp og sal