Forslag til ny klassestruktur i DFS |
13.11.2023 Eit utval nedsett av DFS har komme med forslag til ny klassestruktur i organisasjonen. Forslaget inneber forholdsvis store endringar for mange klassar.
|
Årsmøte 2023 |
29.11.2023 Det vart helde årsmøte i Hyllestad skyttarlag sundag 19. november på innandørsbana.
Referat frå møtet finn du Her
|
Innandørstrening 2023-24 |
29.11.2023
Vintersesongen er her, og vi har trening på innandørsbana på Hyllestad kvar tysdag klokka 18-20. Som vanleg vert det trening for ungdom klokka 18-19 og for alle andre klokka 19-20. Vi har våpen og utstyr til utlån.
Vaktliste for treningane finn du HER
Vel møtt til alle.
|
Lagsmesterskap og dugleiksmerkeskyting 2023 |
27.08.2023 Vi arrangerte lagsmesterskap i baneskyting sundag 27. august med følgjande resultat:
Eldre rekrutt: Bendik Braastad Einen 343 V65: 1.Jon Strandheim 339, 2. Audun Oppedal 332. V73: John Stigedal 329 Klasse 3-5: Bernt Tore Inderøy 342 Klasse 1: Per Inge Oppedal 342
På Dugleiksmerkeskytinga vart resultata soleis :
Eldre rekrutt: Bendik Braastad Einen 245 V65: Jon Strandheim 242, Audun Oppedal 236 V73: John Stigedal 235 Klasse 3-5: Bernt Tore Inderøy 241 Klasse 1: Per Inge Oppedal 243
|
Jaktskyting 2023 |
01.08.2023 Det vert trening og oppskyting til jaktprøven kvar torsdag i august på bana i Ønadalen. Kvar dag med oppstart klokka 19:00
Vel møtt !
|
Hyllestadstemnet 2023 |
15.07.2023 Det tradisjonsrike Hyllestadstemnet vart i år arrangert 14-15 juli. I år var det 50 år sidan det første Hyllestadstemnet vart arrangert 1-2 september 1973.
Reidun Kristin Knapstad frå Florø vann årets stemne med 345 poeng. På plassane bak følgde Ole Arild Aa, Hyen, med 343 og Lars Elling Haugsvær, Oppedal/Brekke med 342.
Andre klassevinnarar vart: V55: Kjartan Huldal, Åsane/Hordvik, 349 Klasse 1: Malin Thorsnes Herland, Dale 243 Nybegynner voksen: Therese Jarlind, Bergen 239 Klasse 2: Frode Ølmheim, Leikanger 343 V65: Kåre Bjørkhaug, Lavikdal 346 V73: Ludvig Indrebø, Farnes 350 Eldre junior: Daniel Matias Mjellem, Hyen 334 Junior: Lars Rune Mjellem, Hyen 339 Eldre rekrutt: Lone Mauland, Bergen 347 Rekrutt: Anton Fristad, Dale 340
Alle resultata frå stemna finn du HER Reidun Kristin Knapstad fekk aksje i vandrepokalane på mesterskapet(345) og på grunnlaget(98) Svein Kåre Furre fekk sin tredje aksje i 15-skot pokalen med 149 og vann den dermed til odel og eige.
Det var totalt 90 deltakarar på stemna.
Ordførar i Hyllestad, Kjell Eide stilte med marsipankake i høve 50 års jubileet for Hyllestadstemna. På biletet ser vi leiaren i skyttarlaget, Jon Strandheim sprette kaka, medan resten av dugnadsgjengen på stemna gledar seg til å smake. Kaka fekk bein å gå på av dei mange som var innom utover dagen.
|
Jaktskyting 2023 |
22.06.2023
Det vert trening og oppskyting for jegrar kvar onsdag fram til og med 12.juli og dei fire siste torsdagane i august på skytebana i Ønadalen. Alle dagane med oppstart klokka 19:00.
|
Trening utandørs 2023 |
26.04.2023
Det vert trening utandørs på bana i Ønadalen kvar onsdag. Første trening vert onsdag 10.mai. Ungdomsgruppa har trening frå 18:00-19:00. Alle andre frå 19:00 og utover.
Vel møtt!
|
Dalsfjordstemnet 2023 |
Dalsfjordstemnet Hyllestad vart i år arrangert 10-11 februar.
Resultata frå stemna finn du HER
|
Skyteskule |
Hyllestad skyttarlag vil arrangere skyteskule vinteren 2022/23. Invitasjon til skyteskulen kan du finne HER
|
Årsmøte 2022 |
10.12.2022 Årsmøte 2022 vart halde sundag 20 november på innandørsbana. Referat frå møtet finn du HER
|
Lagsmesterskap i baneskyting |
28.08.2022 7 deltakarar stilte på standplass til Lagsstemnet i baneskyting som vart arrangert søndag 28 august i Ønadalen. Det var og skyting om dugleiksmerket på same tid.
Resultata kan du finne HER
|
Hyllestadstemnet 2022 |
17.07.2022 Lars Elling Haugsvær frå Oppedal/Brekke vann årets Hyllestadstemne med 344p. Han vann dermed for andre året på rad. Andre klassevinnarar vart: Klasse 2: Anita Tormodset, Hammerfest 337 V55: Per Meel, Balestrand 346 V65: Ottar Strandheim, Lavikdal 349 V73: Alf Høysæter, Tysse 350 Junior: Daniel M. Mjellem, Hyen 343 Eldre rekrutt: Bendik Braastad Einen, Hyllestad 347 Rekrutt: Emil S. Virkesdal, Oppedal/Brekke 346
Alle resultata kan du finne HER
|
Ole Johan til topps på Landsdelsstemnet |
13.03.2022 Vi gratulerer Ole Johan Dale som landsdelsmester på 15 meter. Han vann klasse junior med 348 poeng på stemna som vart arrangert av Norum skyttarlag.
|
Dalsfjordstemnet 2022 |
12.02.2022
Vi arrangerte årets Dalsfjordstemne på 15m fredag 11 og lørdag 12 februar. Vinnar vart Reidun Kristin Knapstad frå Florø med 346 poeng. Live resultat frå stemna finn du under resultater i venstremenyen.
|
Årsmøte 2021 |
Årsmøte i skyttarlaget vart helde søndag 21. november på innandørsbana på Hyllestad.Referat frå møtet finn du HER
|
Hyllestadminiatyren 2021 |
31.10.2021 Anette Thingbø Sundnes klinka til med 350, ny banerekord og stemnesiger på årets Hyllestadminiatyr.
Resultata og stemneoppgjer finn du HER
|
Samlagstemne bane 2021 |
21.08.2021 Både Ole Johan Dale og Bendik Braastad Einen vann sine klassar under samlagstemnet i Florø i helga. Ole Johan vann junior 16-17 år med 345 medan Bendik vann rekrutt 11-13 år med 340 poeng. Me gratulerer med flott innsats. Blant dei litt eldre så vart Bernt Tore Inderøy nr. 4 i klasse 3-5 med 338 poeng og Jon Strandheim vart nr. 5 i V65 med 330 poeng etter å ha spandert eit skot i naboskiva...
|
Heime-LS og lagsmesterskap 2021 |
28.07.2021 7 deltakarar møtte på standplass då vi arrangerte vårt Heime-LS og lagsmesterskap onsdag 28.07 på bana i Ønadalen.
Resultata vart som følgjer:
Klasse rekrutt: 1. Bendik Braastad Einen 332 Klasse Junior: 1. Ole Johan Dale 346 Klasse V65: 1. Jon Strandheim 337 Klasse 2: 1. Lovise Eiken 332 Klasse 3-5: 1. Bernt Tore Inderøy 338, 2. Torinn Eiken 337. 3. Ørjar Eiken 321
|
Hyllestadstemnet 2021 |
10.07.2021 Lars Elling Haugsvær frå Oppedal/Brekke skyttarlag vann Hyllestadstemnet 2021 med 345 poeng. Reidun Kristin Knapstad, Florø, vart nummer to, også ho med 345 poeng. Lise Margrethe Rinde, Åsane/Hordvik skaut 344 og vart nr. tre.
Ove Grimsbø, Førde, vann V55 med 345 poeng. V65 vart vunne av Jostein Haukås, Åsane/Hordvik med fullt hus 350 poeng. Alf Høysæter vann V73, også han med fullt hus 350 poeng.
I ungdomsklassane vart det og prestert mykje god skyting med følgjande klassevinnarar:
Eldre junior: Johan Hamre Nornes, Leikanger 339 poeng Junior: Eirik Thomassen, Tønjum 346 poeng Eldre rekrutt: Sindre Farsund-Gjerde, Førde 349 poeng Rekrutt: Tobias Sørfjord, Sørfjord og Omegn 338 poeng
Alle resultata frå stemnet kan du finne HER
Totalt var det 90 deltakarar på stemnet.
|
Terminliste jaktskyting 2021 |
Terminlista for trening/oppskyting til jakta finn du i høgremargen her på heimesida.
Vel møtt!
|
Treningar sommaren 2021 |
25.04.2021
Det vert treningar på skytebana i Ønadalen kvar onsdag klokka 18:30. Liste over ansvarshavande finn du Her
Vel møtt !
|
Lagsmesterskap 15m |
09.03.2021 Lagsmesterskapet på 15m, som skulle vore arrangert 17 mars, er utsett til hausten p.g.a dei gjeldande coronarestriksjonane.
|
Terminliste Hyllestad SKL 2021 |
01.12.2020 Terminlista for Hyllestad SKL i 2021 finn du under "terminliste" i venstremenyen.
|
Årsmøte 2020 |
15.11.2020
Årsmøte i Hyllestad skyttarlag vart helde sundag 15. november på innandørsbana.
Referat frå møtet kan du lese HER
|
Ole Johan vart dobbel samlagsmester |
23.08.2020 Ole Johan Dale viste storform i helga og vart samlagsmester på både bane og felt i klasse eldre rekrutt. På baneskytinga skaut han 349 og på felten 42/12, altså fullt hus med 12 av 12 mogelege innerblinkar i finalen. Vår andre deltakar på stemnene, Jon Strandheim, skaut knallbra på felten i V65-klassen med 42/7, og sikra seg 2.plassen i den klassen. Vi gratulerer begge med flott innsats.
|
Heime-LS og lagsmesterskap |
04.08.2020 Heime-LS og lagsmesterskapet i baneskyting vart arrangert tirsdag 4. august . Aller mest imponerte nok Ole Johan som var ein sur 9,9 frå fullt hus 350 i eldre rekrutt.
Alle resultata finn du Her
|
Hyllestadstemnet 2020 |
05.07.2020
Ole Arild Aa frå Hyen vann Hyllestadstemnet 2020 med 346 poeng. Han hadde to innertiarar meir enn nr. to, Lars Elling Haugsvær frå Oppedal/Brekke. I veteranklassane var det som vanleg mykje god skyting. V73 vart vunnen av Egil Melvær, Florø med 350 og heile 27 inner, medan Harry Gram, Førde vann V65 med 348. I V55-klassen var Per Meel frå Balestrand best med 345. I ungdomsklassane var det Oppedal/Brekke skyttarlag som fekk alle tre vinnarane. Lena Marie Haugsvær vann klasse rekrutt med 341, Elina Østerbø vann eldre rekrutt med 348 medan Christian Hjartholm Solheim gjekk til topps i klasse junior med 346. Klasse 2 vart vunnen av Vidar Leganger frå Holsen med 339 poeng.
Ole Arild Aa fekk og eit flott rosemalt fat som går til vinnaren av stemna og aksje i mesterskapspokalen med 346 poeng. Lise Margrethe Rinde, Åsane/Hordvik fekk aksje i 15-skot pokalen med 149 poeng, medan Kristoffer Tvedt Skråmestø, Bergen fekk aksje i grunnlagspokalen med 99 poeng.
Totalt var det 85 deltakarar på stemna.
Resultata frå stemnet finn du HER
Stemneoppgjeret finn du HER
|
Sunnfjordpokalen runde 8 |
14.02.2020
Hyllestad skyttarlag arrangerte 8. runde av Sunnfjordpokalen 14 februar.
|
Dalsfjordstemna Hyllestad |
02.02.2020 Årets utgåve av Dalsfjordstemna er no ferdig. Stemnesigeren i klasse 3-5, sikra Hildegunn Strand frå Solund seg, med solide 347 poeng. Same poengsum klarte også Reidun Kristin Knapstad frå Florø. På tredjeplass, med 346, hamna Lise Margrethe Rinde, Åsane/Hordvik, med 346. Øvrige klassevinnarar: Rekrutt: Andre Birkeland Søreide, Bjordal/Søreide, 318 Eldre rekrutt: Alida Marie Ulvik, Gaular, 348 Junior: Ida Grimestad Krone, Gaular, 348 Eldre junior: Sindre Birknes Indrebø, Gula, 337 V65: Harry Gram, Førde, 349 V73: Magnar Molland, Sogndal, 349 V55: Terje Alværvik, Gaular, 346 kl 2: Leif Halvor Kårstad, Gaular, 343
Link til resultat finn du HER
Presseliste i wordformat ligg HER
|
Sunnfjordpokalen runde 5 |
11.01.2020
Hyllestad skyttarlag arrangerte 5 runde av Sunnfjordpokalen fredag 10. januar.
|
Skyteskule 2019-20 |
15.11.2019
Hyllestad skyttarlag arrangerar skyteskule også denne vinteren. Aktivitetane vil føregå på innandørsbana på Hyllestad. Skyteskulen er open for alle, så her er det berre å melde seg på.
|
Hauststemne 15 meter |
03.11.2019 Årets Hauststemne vart vunne av Per-Johan Brekke (bilete) frå Bjordal/Søreide med 345 poeng. Av andre gode resultat kan vi nemne vinnarane i veteranklassane,V55 Per Meel, Balestrand 349, V65 Ottar Strandheim, Lavikdal 350 og V73 Ola Loneland, Dale 350. I Eldre rekrutt vann heimehåpet Ole Johan Dale med flotte 349. Totalt 54 skyttarar stilte på standplass
|
Lagsmesterskap bane 2019 |
01.09.2019 Lagsmesterskapet i baneskyting vart arrangert fredag 30 august på bana i Ønadalen.
|
Hyllestad i toppen på Vestlandsstemnet |
07.07.2019 To blide karar på Vestlandsstemna i Førde. Både Karsten og Ole Johan kan smykke seg med tittelen dobbel Vestlandsmester etter stemnet i helga. Karsten vann både felt og baneskytinga i klasse 2 medan Ole Johan vann baneskytinga i eldre rekrutt etter knallsterk finaleskyting. I tillegg var han med på Sunnfjord sitt vinnarlag i samlagsskytinga for ungdom. Vi hadde og andre som var med i toppen. Ørjar vart nr. 3 på baneskytinga i klasse 2, Torinn sikra seg finaleplass i Eldre junior med 244 og Bernt Tore fekk finaleplass i klasse 3-5 med 242.
|
Ole Johan Dale i 350- klubben |
01.07.2019 Det var på Solundstemnet i helga at Ole Johan greidde å skyte 350 for aller første gong. Vi gratulerer so masse med ein fantastisk prestasjon. På same stemne vann Torinn Eiken klasse 3-5 med 343 og Karsten Birkeland vann klasse 2 med 341.
|
Hyllestadstemnet 2019 |
30.06.2019 Reidun Kristin Knapstad(bilete) frå Florø vann årets Hyllestadstemne med 347 poeng. Men sigeren sat langt inne, Nils Holme , Hyen skaut og 347, men hadde nokre få innertiarar mindre. På tredjeplass følgde Arnhild Eiken, Leikanger med 346 poeng. Magnar Isene, Førde vann V55 med 347 etter heile 250 på 25 skoten. Klasse 2 vart vunnen av Karsten Birkeland, Hyllestad med 341. I V65 var det Ottar Strandheim, Lavikdal som gjekk til topps med 349. Same poengsum hadde Toralf Årdal, Jølster då han vann V73. I rekrutteringsklassane fekk vi følgjande vinnarar: Eldre Junior: Maria Hoff Mortensbakke, Førde 342. Junior: Joakim Grimestad Krone, Gaular 346. Eldre rekrutt: Kristin Husum 350. Rekrutt: Mathilde Håvåg Wergeland, Oppedal/Brekke 348.
Reidun Kristin Knapstad fekk og eit flott rosemalt fat som går til vinnaren av stemna. I tillegg fekk ho aksje i mesterskapspokalen med 347(17*) poeng. Ole Arild Aa, Hyen fekk aksje i 15-skot pokalen med 149 (8*)poeng medan Arnhild Eiken, Leikanger fekk aksje i grunnlagspokalen med 100(5*)poeng.
Resultat med premieoppgjer finn du HER
|
|
Lagsmesterskap felt 2019 |
13.04.2019 Lagsmesterskapet i felt vart arrangert laurdag 13 april på baneområdet i Ønadalen. 7 deltakarar stilte opp i det flotte men kalde vårveret.
|
Lagsmesterskap 15m |
02.04.2019
Lagsmesterskapet på 15m vart arrangert tysdag 2.april. Dette markerte og sesongavslutninga på innandørssesongen.
Resultata frå lagsmesterskapet kan finne HER
|
Dalsfjordstemnet i Hyllestad 16-17 mars |
17.03.2019 Hyllestad skyttarlag arrangerte sitt årvisse 15m-stemne 16-17 mars. Arnhild Eiken (bilete) frå Hyllestad/Leikanger vann stemnet med sterke 347 poeng. Ho var poenget framfor Frode Kristensen, Herdla og Reidun Kristin Knapstad frå Florø. Av andre gode resultat kan vi nemne Mathilde Håvåg Wergeland frå Oppedal/Brekke som vann rekrutt med 350 poeng. Same poengsum oppnådde Magne Nordvik, Tysse i V73 klassen og Erik Tobias Sletteland frå Dale i klasse junior. Ottar Strandheim, Lavikdal vann V65 med 349. Same vinnarpoengsum oppnådde Elina Østerbø, Oppedal/Brekke i eldre rekrutt. Godt vinnarresultat vart det og i klasse 2 då Kenny Andre Soldal frå Strandvik skaut heile 348. Det same gjorde og Alf Høysæter då han vann Klasse V55.
Komplette resultatlister for alle klassar og øvingar finn du under resultatlister
|
Skyteskule 2018-19 |
06.03.2019 I vinter har Hyllestad skyttarlag arrangert skyteskule for 12 ivrige born/ungdommar. Dei har hatt variert opplæring med teori på kvar av dei fem samlingane dei har delteke på. Etter kvar teoriøkt har dei fått øvd seg på skyting.
|
Samlagsstemne Sunnfjord 15m |
03.03.2019
Hyllestad skyttarlag arrangerte samlagsstemne 15m for Sunnfjord helga 2-3 mars. Reidun Kristin Knapstad(bilete) frå Florø vart samlagsmester med 345 poeng. Ho var tre poeng framfor Ove Sunde, Dale og Bernt Tore Inderøy frå Hyllestad som tok dei to siste medaljene.
Komplette resultatlister for alle klassar og øvingar finn du under resultatlister
|
Sunnfjordpokalen runde 7. |
08.12.2018 Hyllestad skl. arrangerte 7. runde i Sunnfjordpokalen 6-7 desember.
|
Årsmøte 2018 |
20.11.2018
Årsmøtet i Hyllestad skyttarlag vart halde sundag 18 November på innandørsbana.
Referat frå møtet finn du HER
|
Sunnfjordpokalen 2. runde |
Hyllestad skyttarlag arrangerte 2. runde i Sunnfjordpokalen fredag 19. oktober
|
Skyteskule 2018-2019 |
18.10.2018 Hyllestad skyttarlag startar opp skyteskule torsdag 15.november på innandørsbana på Hyllestad. Skyteskulen går over 5 kveldar.
|
Lagsmesterskap bane 2018 |
26.08.2018 Lagsmesterskapet i baneskyting og skytinga om Dugleiksmerket vart arrangert på bana i Ønadalen laurdag 25 august.
|
Finale Sogn og Fjordane-serien og Samlagsstemne |
19.08.2018 Florø skytterlag arrangerte finalen i Sogn og Fjordane-serien laurdag og Samlagsstemna for Sunnfjord søndag på bana på Grovastøylen.
3 deltakarar frå Hyllestad hadde kvalifisert seg til finalen i Sogn og Fjordane-serien og alle gjorde det svært godt i finalen. Arnhild vann klasse 5 med 342 poeng og Bernt Tore vann klasse 4 med 341 poeng. I denne finalen skyt klasse 3-5 ein vanleg innleiande 25 skot, medan dei 10 siste skota er 5 skot kne og 5 enkeltskot ståande med anvising etter kvart skot. På desse 10 siste skota skaut Arnhild 98 medan Bernt Tore fekk 99 poeng Vår siste deltakar, Ole Johan, klatra og opp på pallen med ein flott tredjeplass med 337 poeng i rekruttklassen.
Sundag var det klart for Samlagsstemne og Arnhild forsvarte kanskje ikkje så uventa fjorårets samlagsmestertittel. Årets vinnarresultat vart 342 poeng etter 100 poeng med 7 inner i finaleogangen. Ole Johan vart og samlagsmester etter å ha vunne klasse rekrutt med 335 poeng. Vi gratulerer våre deltakarar med flott skyting i helga.
|
Arnhild beste samlagsskyttar på LS |
Vi gratulerer Arnhild Eiken som beste samlagsskyttar på landsskyttarstemnet i Stjørdal. Ho skaut ankeretappen for Sunnfjord sitt lag og prikka inn 100 poeng med 7 inner.
Arnhild sin kjempeprestasjon på samlagsskytinga var nok det desiderte høgdepunktet for Hyllestad på årets LS. På dei individuelle skytingane vart det ein finaleplass. Den sytte og Arnhild for med 241. I finalen vart det 98 poeng, tilsaman 339 og eitt fattig poeng frå medalje.
Våre deltakarar fekk følgjande resultat på bane- og feltskytinga: Arnhild Eiken(5): 241-339 og 26/12 Ørjar Eiken(3): 220 og 27/16 Ole Johan Dale(R): 242 og 28/7 Torinn Eiken(J): 244 og 27/17
I tillegg deltok Ole Johan og Torinn på Sunnfjord sitt lag på samlagsskytinga for ungdom. Her skaut Ole Johan 100 poeng på 2.etappe medan Tornn fekk 97 på ankeretappen.
Alle resultata frå LS er å finne Her
|
Stemner i Hardanger 14-15 juli |
16.07.2018 Vi hadde deltakarar på stemnene til Folgefonn, Odda og Røldal i helga.
Resultata vart følgjande: Arnhild (5): 342-342-343 Bernt Tore (4): 340-336-342 Torinn (J): 349-346-348 Ørjar (3): 316
|
Vestlandsstemna 2018 |
08.07.2018 Vestlandsstemna vart arrangert i Rosendal i Sunnhordland i helga, og vi hadde 4 deltakarar med. Torinn fekk best plassering med 5.plass på baneskytinga i Junior med 348. På felten vart det og finale med 29/20 og til slutt 39/1 og ein 15. plass. Ole Johan skaut 234 på bane og 27/7 på felten i klasse rekrutt. Blant seniorane plasserte Arnhild seg på ein fin 7.plass i 3-5 med 342 poeng medan det vart 23/9 på feltrunden. Ørjar oppnådde 210 poeng på bane og 16/3 på felten i klasse 3.
|
Hyllestadstemnet 2018 |
01.07.2018
Arnhild Eiken (bilete) frå arrangørlaget vann årets Hyllestadstemne med 341 poeng. Ho var ein innertiar føre Bernt Tore Inderøy, også han frå Hyllestad. Reidun Kristin Knapstad, Florø tok tredjeplassen, også ho med 341 poeng. Karsten Birkeland, Hyllestad vann klasse 2 med 344 poeng, medan Magnar Isene,Førde vann V55 med 343. Eirik Mjømen, Hyllestad toppa lista i klasse 1 med 241. På 100meter imponerte Agathe Harkestad frå Dale stort då ho skaut 350 for første gong og vann klasse Eldre rekrutt. Ottar Strandheim, Lavikdal skaut og 350 då hann vann V65. Elina Østerbø, Oppedal/Brekke vann klasse rekrutt med sterke 349 medan Erik Tobias Sletteland, Dale gjekk til topps i klasse Junior med 348. V73 vart vunnen av Ludvig Indrebø frå Farnes med 349
Komplette resultatlister (klikkbare) for alle klassar og øvingar finn du her HER
Stemneoppgjeret er lasta inn på DFS sitt resultatsystem
Samansette resultatlister kan du også finne her:
Arnhild Eiken fekk aksje i Mesterskapspokalen med 341p og i grunnlagspokalen med 99p Reidun Kristin Knapstad fekk aksje i 15-skot pokalen med 146p
Oversikt over vinnarar av Hyllestadstemnet 1973-2017 kan du finne Her
10.06.2018 Landsdelskrinsstemnet 2018
Banestemnet vart i år arrangert på Leikanger, medan felten, som skulle vore arrangert i Fortun vart avlyst p.g.a brannfare i terrenget.
Torinn og Ole Johan greidde begge å verte landsdelsmesterar. Torinn vann klasse junior med imponerande 350 poeng. Ole Johan skaut på vinnarlaget til Sunnfjord i samlagsskytinga for ungdom der han fekk 99 poeng. Vi gratulerer begge med flott innsats!. Blant seniorane skaut Bernt Tore 243 på innleiande skyting, men var uheldig på omgangen og fekk forkiling etter 3. skotet. Han greidde likevel så vidt å få ut alle 10 skota og enda på 337 poeng og sikra seg nok ei mesterskapsstjerne. Det geidde og Arnhild med 333 poeng. Arnhild skaut 96 og Bernt Tore 95 på Sunnfjord sitt lag i samlagsskytinga som vart nr. 3. Harry fekk 244 i kl. V73.
Bilete frå stemna er å finne på Hyllestad skl. si facebook-side.
|
Finale Sunnfjordpokalen 2017-18 |
Hyllestad skyttarlag arrangerte finalen i Sunnfjordpokalen 2017-18 på innandørsbana på Hyllestad skule laurdag 24. mars. Bilete av premievinnarane og anna omtale kan du sjå på vår facebook-side.
Sluttresultata frå finalen finn du HER
Lenkje til livevisning av skivene finn du på Megalink Lenkje til oppdaterte resultat finn du her: Resultater
|
Dalsfjordstemnet i Hyllestad 17-18 mars |
Hyllestad skyttarlag arrangerte sitt årvisse 15m. stemne 17-18 mars. Tore Byberg(bilete), frå Rissa vann stemnet med 346p. På plassane bak følgde Trond Nordvik, Tysse og Lars E. Haugsvær frå Oppedal/Brekke, begge med 345 poeng. Av andre gode resultat kan vi nemne Magne Nordvik, Tysse som vann V73 med 350 og Runar Haugsdal Asheim, Oppedal/Brekke som vann Klasse Junior, også han med 350.
Gaular og Dale hadde sine stemner samstundes. Nytt av året er at det no er fine samanlagtpremiar for alle tre stemnene. Reglar for samanlagtpremieringa og anna info finn du HER Resultata frå stemna finn du HER
|
Lagsmesterskap bane |
30.08.2017
12 deltakarar stilte på standplass på årets lagsmesterskap som og var avslutninga på utandørssesongen. Etter skyting var det ei hyggjeleg stund med vaflar, kaffi og brus og sjølvsagt premieutdeling.
|
Samlagsstemne bane |
20.08.2017 Vi gratulerer Arnhild, Ole Johan og Karsten som samlagsmesterar på stemna som vart arrangert av Dale skl. Arnhild vann klasse 3-5 med 343 poeng etter 98 i finalen. Ole Johan vart mester i klasse rekrutt etter imponerande 349 poeng med 99 i finalen. Karsten vann klasse 1 med sterke 248. Hyllestad stilte og lag på lagskytinga på 200m. På laget skaut Ørjar 92, Bernt Tore 95 og Arnhild 97. Det heldt til ein fin andreplass bak Førde. Fleire resultat er å finne på Dale si heimeside Sjå og innom vår facebook side for bilete og meir omtale
|
Landsskyttarstemnet 2017 |
06.08.2017 Då var landsskyttarstemnet 2017 i Førde historie. Det vart eit stemne som nok vil verte hugsa for mykje nedbør, og veldig mange gode resultat. For Hyllestad sin del så må vi vel seie oss relativt godt fornøgde.
Karsten var ein av dei aller største førehandsfavorittane på heile LS etter dei imponerande resultata i kl 1 tidlegare i sesongen. Og han svikta ikkje, 250 og mester i kl. 1 var mildt sagt imponerande.
På grovfelten greidde både Jørgen og Ørjar 28 treff og kvalifiserte seg med det til finalen. Her skaut Jørgen fullt hus 12 treff medan Ørjar fekk 7 treff. Jørgen greidde dermed mesterskapsstjerne med totalt 40/3.
Torinn hadde eit strålande LS med finale både på bane og felt. På bane vart det 347 etter 100 i finalen. I finfelten vart det ein kjenpeflott fjerdeplass og medalje med 42/7. Ole Johan imponerte på baneskytinga i rekruttklassen. I svært vanskelege vindforhold for cal.22 vart det 243 og finaleplass. I finalen vart det 95 og totalt 338.
På banskytinga i klasse 3-5 enda dei tre femteklassingane våre på omtrent same poengsum. Jørgen og Arnhild fekk 239, medan det vart 238 på Bernt Tore.
Meir resultat for våre deltakarar er å finne på Hyllestad skyttarlag si Facebook side.
|
Torinn til topps på Vestlandsstemnet |
09.07.2017 Vi gratulerar Torinn som Vestlandsmester i felt i juniorklassen med fullt hus 42 treff. Dermed er det andre året på rad at ho vinn feltskytinga på Vestlandsstemnet. I fjor vart det siger i eldre rekrutt. Arnhild hadde og eit flott stemne med tredjeplass på bane med 344 og fjerdeplass på felten med 41 treff.
|
Hyllestadstemnet 2017 |
02.07.2017 Lise Margrethe Rinde frå Åsane/Hordvik vann årets Hyllestadstemne med 346 poeng. På dei neste plassane følgde Reidun Kristin Knapstad, Florø med 345 og Arnhild Eiken, Hyllestad med 344. Det vart dermed total jentedominans på årets stemne i klasse 3-5. I V55 vann Terje Alværvik frå Gaular med flotte 347. Arne L. Nes , Leikanger gjekk til topps i klasse 2 med 343 medan heimefavoritten Karsten Birkeland ikkje uventa vann klasse 1 med 249. På 100 meteren var det mange svært gode resultat. Rekruttklassen vart vunnen av Mathilde Håvåg Wergeland, Oppedal/Brekke med 347. I eldre rekrutt vart det eit internt oppgjer i familien Svartemyr Virkesdal frå Oppedal/Brekke om sigeren då syskjena Sander og Malin begge skaut 350. Sander vann til slutt klassen etter rangering. Klasse Junior vart vunne Kristian Haugsdal Asheim også han frå Oppedal/Brekke med 350. I veteran 65 vann Ola Loneland, Dale med 348, medan det i den eldste klassen V73, vart ein kamp mellom Peder Holme,Hyen og Oddvar Råsberg, Nesse , begge med fullt hus 350. Peder vann med 26 inner mot Oddvar sine 22.
Kristian Haugsdal Asheim vann juniorklassen med 350 og heile 26 inner.
Karsten Birkeland vann klasse 1 med 249
Totalt var det 122 deltakarar på årets stemne.
|
Landsdelskrinsstemna 2017 |
11.06.2017 Stemna vart i år arrangert i Florø (bane) og Gaular (felt). Hyllestad stilte med 8 deltakarar denne gongen, og som vanleg vart det ein del premiar og gode plasseringar med heim. Fullstendige resultatlister er å finne på Florø si heimeside eller på Hyllestad skyttarlag si side på Facebook
|
Norgescupen |
29.05.2017 Vi hadde to deltakarar på første runde av norgescupen som vart arrangert på Austlandet no i helga. Karsten har ved fleire høve tidlegare i år vore veldig nær ved å greie den magiske 250 poengsummen. Denne helga greidde han det, og då like godt to gonger. På det tredje stemnet vart det 249!! Resultata heldt til siger på alle tre norgescupstemnene. Arnhild tok og turen austover denne helga og presterte tre jamne resultat på 339,339 og 338.
|
Lerumcup |
21.05.2017 Karsten vann klasse 1 samanlagt på årets Lerumcup. I tillegg vart det siger på alle fem stemnene med bl.a 2x249. Torinn skaut jamnt bra i klasse junior med beste resultat på 349. Arnhild skaut og jamnt godt med beste resultat på 344. Sjå elles lerumcup si heimeside for utfyllande resultat
|
Karsten med imponerande comeback. |
15.05.2017 Karsten Birkeland har gjordt eit imponerande comeback etter 25 år . Karsten som no skyt i klasse 1 vann alle fem stemnene i Frydenbøcupen forrige helg med fleire resultat på 249 og 248. På stemnene i Gulen no i helga vart det 3 nye førsteplassar med bl.a 249 i Oppedal og 248 i Nyborg,I tillegg vart det tre førsteplassar i Os, Fana og Meland same helg, så her er det berre å sjå fram LS i Førde. Torinn skyt og svært godt i klasse junior med 347 i Oppedal og 346 i Nyborg. Ole Johan fekk fleire pallplassar i rekruttklassen med bl.a 340 i Oppedal. Mellom seniorane vart Arnhild best av våre i Nyborg med 342 og tredjeplass. I Oppedal var Bernt Tore best med 339 medan det på 300 meteren i Bjordal vart 337 og ein sjetteplass.
|
Resultat frå lagsmesterskapa på 15m og felt |
Vi tek med resultata frå lagsmesterskapa på 15m og i feltskyting som har vore arrangerte i vår.
|
Samlagsstemne felt 2017 |
Hyllestad skyttarlag arrangerte samlagsstemne i feltskyting for Sunnfjord søndag 23 april. Skytinga føregjekk på skytebaneområdet i Ønadalen. Magnus Kårstad (i midten) vart samlagsmester føre Herman Erdal, medan Jardar Følling (t.v) og Gisle Isene (t.h) delte tredjeplassen.
Junioprklassen vart vunnen av Sigmund Haugen Kjosaas, framfor Torinn Eiken (t.v) og Sunniva Kristine Mydland
Alida Marie Ulvik (t.h) vann klasse rekrutt framfor Deidre Skilbrei og Ole Johan Dale
I eldre rekrutt vart det trippel Dale. Erik Tobias Sletteland (midten) vann framfor Marie Kråkenes Langeland og Fredrik Løveng Myklebust
Resultata frå stemna finn du her
Totalt deltok 58 skyttarar på stemna.
Vi takkar alle deltakarane for oppmøte og ikkje minst arrangørstaben som sytte for eit godt arrangement.
|
Dalsfjordstemnet Hyllestad |
19.03.2017 Arnhild Eiken frå arrangørlaget vann Hyllestadminiatyren 2017. Ho klinka til med 348 og personleg rekord. Dermed var ho heile tre poeng føre Hildegunn Strand frå Solund på andreplass og Reidun Kristin Knapstad på tredjeplass. Av andre resultat tek vi med at Madelen Sævareid frå Gula skaut 350 og vann eldre rekrutt medan vår eigen Ole Johan Dale vann rekrutt med 345. Sjå ellers vår facebook side for fleire bilete frå stemna.
Stemneoppgjer finn du her
Oppdaterte resultatlister på web ligg her
Stemneoppgjeret er og lasta inn på DFS sine resultatsider.
Skyttarane frå Hyllestad gjorde det og svært skarpt på stemnene i Gaular og Dale som og vart arrangerte no i helga. Arnhild er i storform og vann begge stemnene med 245 og 244. Ole Johan vann klasse rekrutt på begge stemnene med 246 og 247 medan Torinn vann klasse junior i Gaular med 248 og vart nr. 2 i Dale med 247. Med andre ord mykje kjempegod skyting av våre folk denne helga
|
Fylkesstemne 15m |
12.03.2017 I helga var det fylkesstemne på 15m i Førde. Ole Johan imponerte også denne helga med ein sterk 2. plass i klasse rekrutt med 346. Arnhild var den andre frå Hyllestad som fekk skyte finale, der ho vart nr. 9 med 342. På same tid var det og stemne i Florø. Her var ikkje Ole Johan snauare enn at han klinka alle 25 skota i tiaren, og dermed imponerande 250 poeng. Vi gratulerer!! Men det var ikkje berre den yngste som imponerte. Harry tok fram børsa for tredje gong denne vinteren og skaut 247 i V73 klassen. Arnhild skaut som vanleg jamnt godt og enda denne gongen på 242 medan Torinn skaut 244 i klasse junior.
Samlagsstemne 15m
05.03.2017 Vi gratulerer Ole Johan Dale som samlagsmester i klasse rekrutt. Han skaut 344 poeng på stemnet som vart arrangert i Solund. T.v ser vi Alida Marie Ulvik frå Gaular som vart nr. 2 Hyllestad vann og lagskytinga på samlagsstemnet. På laget skaut Ole Johan 245, Torinn 243 og Arnhild 244.
Torinn Eiken vart nr 3 i klasse junior med 342 poeng. Frå v. Tomas Haugnes, Florø som vart nr. 2 og i midten vinnaren Sigmund Kjosås frå Dale.
Arnhild Eiken leia klasse 3-5 etter innleiande 25 skot med 244. På mesterskapsomgangen vart det 97 poeng og ein fjerdeplass til slutt med 341. Meir frå samlagsstemna er å finne på Solund si heimeside
|
Arnhild til topps i Brekke |
12.02.2017 Vi gratulerer Arnhild med siger på stemnet i Brekke med 343 poeng, ho var poenget framfor Rune Virkesdal, Nyborg på andreplass. På stemnet på Dalsøyra vart det 342 og fjerdeplass. Ole Johan fekk og svært gode plasseringar med 2x344 og to andreplassar i klasse rekrutt.
|
Miniatyrstemner i Leikanger,Sogndal og Norum |
05.02.2017 Arnhild, Ørjar og Torinn tok turen innover til Sogn for å delta på stemner denne helga. Arnhild skyt kjempegodt for tida og oppnådde 3 jamnt sterke resultat og plasseringar med 244-244-241 og med det to fjerdeplassar og ein femteplass. Ørjar fekk resultata 235-227-233 i klasse 3 , medan Torinn skyt betre og betre i Junior med 244-243-246.
|
Sunnfjordpokalen runde 8. |
03.02.2017 Hyllestad skyttarlag arrangerte 8 runde i Sunnfjordpokalen onsdag 1 og fredag 3 februar.
Resultat frå stemner helga 27-29 januar 29.01.2017 Også denne helga har skyttarane våre delteke på mange stemner. Flest deltok på det årlege miniatyrstemnet i Solund. Her hadde vi heile 3 stykkjer som nådde 340- talet i klasse 3-5. Arnhild vart nr. 4 med 342, Jørgen skaut 341 og Bernt Tore 340. Gaute hadde pussa støvet av saueren og vann likegodt klasse 2 med 335. Torinn skaut 338 i klasse junior og Harry 236 i V73. Ellers deltok Arnhild på stemner både i Nordfjord og Nordhordaland med følgjande resultat: 339,244,242,241 og 244.
|
Miniatyrstemner i Årdal,Lærdal og Aurland |
22.01.2017 Vi hadde 3 deltakarar på helgas stemner i inste Sogn. Arnhild leverte svært gode resultat på alle fire stemnene med resultata 242, 243, 342 og 343. Sistnemnde heldt til 3.plass i Aurland. Synnøve som no skyt i klasse 3 oppnådde solide 222, 233 og 332. Per-Magnar som og skyt i 3 klasse fekk poengsummane 226,228 og 314.
|
Vintertreffen 2017 |
08.01.2017 Ole Johan starta det nye året flott med å vinne rekruttklassen samanlagt på årets Vintertreff. Han vann stemnet på Nessane med 345 og hadde ellers poengsummane 339 og 341. Arnhild held fram med kjempegod skyting også i det nye året og sikra seg mellom anna ein andreplass på stemnet til Vadheim med 344. På dei andre stemna vart det 2x338. Torinn debuterte i klasse junior med 340. 339 og 336.
|
Årsmøte 2016 |
Årsmøte for 2016 vart helde sundag 11. desember klokka 11:00 på innandørsbana.
Innkalling og sakliste til årsmøte finn du Her
Referat frå årsmøtet finn du her
|
Sunnfjordpokalen 4.runde |
Hyllestad skyttarlag arrangerte 4. runde i Sunnfjordpokalen 16 og 18 november.
|
Lagsmesterskap/dugleiksmerkeskyting |
18.09.2016
Lagsmesterskap bane/dugleiksmerkeskyting vart arrangert søndag 18 september på skytebana i Ønadalen. Det var 14 deltakar på årets siste skyting utandørs. Ungdomsgruppa stilte med flotte premiar og god mat, og det vart ei hyggjeleg sesongavslutning i det flotte seinsommarveret.
|
Hyllestadstemnet 2016 |
10.07.2016 Jørgen Skivenesvåg frå heimelaget Hyllestad vann årets Hyllestadstemne med sterke 348 poeng. Bertel Oddne Mjellem frå Hyen vart nr. 2 med 346 medan Herman Erdal frå Førde tok tredjeplassen med 344 poeng.
V55 vart vunnen av Oddvar Råsberg, Nesse med solide 347 poeng. Ørjar Eiken frå Hyllestad vann klasse 2 med 335 medan Frank Ulvik, Gaular vann klasse 1 med 245.
På 100m vart det som vanleg prestert svært mykje god skyting. Rekruttklassen vart vunnen av Torgeir Haugsvær, Oppedal/Brekke med 350 føre lagkamerat Christian Hjartholm Solheim også han med 350. I eldre rekrutt var det og to frå Oppedal/Brekke som skaut fullt hus 350 poeng. Kristian Haugsdal Asheim vann framfor Hanna Solheim på andreplass. Markus Andreas Aadland, Tysse vann klasse Junior med 347, eitt poeng framfor Elisabeth Steinfeld Leganger frå Holsen. Ludvig Indrebø frå Farnes vann V73 med 350 medan Asbjørn Massnes gjekk til topps i V65 med 349 poeng
Live Resultat frå Hyllestadstemnet finn du HER:
Livevisning av skivene finn du HER
Leiar i Hyllestad skyttarlag, Per-Magnar Sognnes(t.h) deler ut det tradisjonsrike rosemalte fatet til vinnaren av Hyllestadstemnet Jørgen Skivenesvåg.
Jørgen fekk og naturlegvis aksje i mesterskapspokalen med 348 poeng Nils Holme fekk aksje i 15-skot pokalen med 149 poeng medan Bertel Oddne Mjellem fekk aksje i grunnlagspokalen med 100 poeng.
Ludvig Indrebø, Farnes vann V73 med 350 med 31 inner.
Desse tre karane frå Oppedal/Brekke skaut 350 på same lag laurdag. Frå venstre Torgeir Haugsvær, Christian Hjartholm Solheim og Kristian Haugsdal Asheim
Resultata er lasta inn på DFS sine resultatsider
Totalt deltok det 158 skyttarar på årets Hyllestadstemne.
|
Torinn til topps på Vestlandsstemnet |
03.07.2016 Vi gratulerer Torinn som feltvinnar i eldre rekrutt på Vestlandsstemnet i Åsane. Ho skaut 42/10 og vann etter omskyting med 5 andre. Ein glimrande prestasjon!
Landsdelsstemna i Ålfoten
12.06.2016 Mykje god skyting av våre skyttarar på årets Landsdelsstemne. Mellom anna fekk vi to vinnarar på samlagsskytinga.
|
Lagsmesterskap feltskyting |
Lagsmesterskapet i feltskyting vart arrangert søndag 5 juni i strålande sommarver. Skytinga føregjekk på elektroniske figurar på skytebaneområdet i Ønadalen. Etter skytinga var det servering av kjempegode hamburgarar og is. Stor takk til jaktutvalet og ungdomsgruppa for eit flott arrangement.
|
Trening våren/ sommaren 2016 |
Treningane utandørs i Ønadalen startar opp onsdag 13 april klokka 18.00. Liste over ansvarshavande er å finne under linken til ungdomsgruppa i venstremenyen.
Vel møtt til alle, både unge og dei litt meir rutinerte.
|
Lagsmesterskap 15 meter |
03.04.2016
Lagsmesterskapet på 15 meter vart arrangert søndag 3.april. 18 deltakarar stilte på standplass til årets siste skyting innandørs. Etter skyting var det premieutdeling og kjempegod pizza og kaker. Resultata frå lagsmesterskapet kan du sjå her
Første trening utandørs i Ønadalen vert onsdag 13 april.
|
Dalsfjordstemnet-Hyllestad 5-6 mars |
06.03.2016
Stian Meland frå Meland skyttarlag vann årets Hyllestadminiatyr. Han skaut 347 poeng, to poeng meir enn Reidun Kristin Knapstad frå Florø som tok andreplassen. Arnhild Eiken frå arrangørlaget sikra seg bronsemedalja med 344 poeng. Andre klassevinnarar vart: V55: Magnar Isene, Førde 347, V65: Svein Hoem, Stryn 348, V73: Ludvig Indrebø, Farnes 349, Klasse 1: Bård Torstein Haugsvær, Oppedal/Brekke 249, Klasse 2: Kristine Bruåsdal, Lavikdal 341, Rekrutt: Erlend Ellingsen Årskaug, Oppedal/Brekke 348, Eldre rekrutt: Sigmund Haugen Kjosaas, Dale 349, Junior: John Magne Sørbotten, Florø 346.
Totalt var det 120 deltakarar på stemna. Resultat og premieoppgjer er lagt ut på DFS sine resultatsider.
|
Travel skyttarhelg |
28.02.2016 Ole Johan( i midten) vann finalen i Sunnfjordpokalen føre Ellen Iren Johnsen t.h og Marie Langeland t.v
Det har vore ei travel helg for dei mest aktive av skyttarane våre. Laurdag var det finale i Sunnfjordpokalen på Sande der vi kan gratulere Ole Johan med siger i klasse rekrutt. Siger vart det og til Ørjar i klasse2 . Synnøve vart nr. 2 i junior medan Torinn vart nr. 3 i eldre rekrutt.
Søndag var det klart for Samlagsstemne på 15m i Dale. Her følgde Ole Johan flott opp med ein andreplass i rekrutt. Ein fin andreplass vart det og til Bernt Tore i Klasse 3-5 med solide 344. Ørjar vann klasse 2 med 338. Medalje vart det og til Synnøve som kneip tredjeplassen i Junior. På lagskytinga vart Hyllestad sitt andrelag nr. tre. På laget skaut Synnøve 241, Ole Einar 245 og Bernt Tore 244.
God skyting i Gulen
14.02.2016 Synnøve skaut 348 på stemnet i Brekke
Synnøve Sognnes skaut flotte 348 i klasse junior på helgas stemne i Brekke. Dette heldt til ein kjempefin andreplass. Vi må og gratulere Jørgen Skivenesvåg, som for tida skyt for Åsane/Hordvik, med fantastiske 349, banerekord og stemnesiger i Brekke. Stort dårlegare var han ikkje i Nyborg heller med 346. Ole Johan Dale oppnådde flotte resultat i rekruttklassen med 344 og 340.
Resultat frå 15m stemner i Sogn
07.02.2016 Mange gode resultat, men ingen topp tre plasseringar på våre deltakakarar på årets februarstemner i Indre Sogn.
Dobbelt Hyllestad i Solund
31.01.2016 Det har ikkje skjedd så ofte, men på miniatyrstemna i Solund vart det dobbeltsiger til Hyllestad i klasse 3-5. Arnhild vann med 344 medan Bernt Tore følgde på andreplass med 343. Ørjar imponerte stort i klasse 2 med 348 og ein klar klassesiger. Klassesigrar vart det og til Synnøve i juniorklassen med 343 og til Harry i V73. Torinn skaut gode 348 i eldre rekrutt, noko som heldt til ein fjerdeplass. Meir frå stemna er å finne her
|
Sunnfjordpokalen 7. runde |
23.01.2016 Hyllestad skyttarlag arrangerte 7. runde i Sunnfjordpokalen 23. januar. Ove Sunde, Dale hadde beste resultat blandt seniorane med 343 medan lagkamerat Sigmund Haugen Kjosaas imponerte i eldre rekrutt med 350. Alle resultata finn du her
|
15-meter stemner i Indre Sogn |
17.01.2016 Torinn og Ørjar tok turen innover til stemnene i Årdal og Aurland i helga. Ørjar, som no skyt i klasse 2 vann stemnet i Farnes med sterke 248 medan det vart tredjeplass i Knipenborg med 245. Torinn skaut jamnt godt med andreplass i Farnes med 248 og tredjeplass i Knipenborg med 247.
|
God skyting i Bergen og Sogn |
11.01.2016 Fleire av våre yngste skyttarar deltok i helga på stemner i Ytre Sogn og i Bergen. Synnøve skaut jamnt godt i Junior og vann Vintertreffen (Vadheim-Nesse-Fjordane) samanlagt etter tre andreplassar(345-343-346). Torinn skaut sterke 349 i ER på Nessane og vart nr.2. Ole Einar persa med 349 på stemnet til Bergen Nordre og vart fjerdemann i ER.
|
Årsmøte 2015 |
Årsmøte 2015 vart halde laurdag 21 november klokka 11.00 på innandørsbana på Hyllestad. Som vanleg vart det eit langt og innhaldsrikt møte, der mykje dreia seg om bana i Ønadalen der parkeringsplassen no er ferdigstilt. I tillegg vart det lagt fram konkrete planar for nytt skyttarhus.
Du kan finne meir om årsmøtet under medlemsinfo
|
Lagsmesterskap bane 2015 |

Lagsmesterskapet på bane vart arrangert laurdag 29.08 på skytebana i Ønadalen. 24 deltakarar i aldersspennet frå 10 år og til 76 år stilte på standplass på årets siste utandørsskyting. Som vanleg vart det prestert mykje flott skyting, og det vart delt ut mange fine premiar. Vi tek med klassevinnarane: Rekrutt: Haakon Giil 243, Eldre rekrutt: Torinn Eiken 249, Junior: Synnøve Sognnes 246, V65: John Stigedal 241, V73: Kjell Ingolf Eide 245, Klasse 3-5: Bernt Tore Inderøy 241, Klasse 1: Per Inge Oppedal 241. Resultatliste 
Skyttarhuset var fyllt til siste sitteplass under premieutdelinga og sesongavslutninga. Pizza, pølser,saft og kaffi såg ut til å smake. Stor takk til ungdomsgruppa og dei andre i dugnadsgjengen for ei hyggjeleg sesongavslutning. Innandørstreningane startar opp onsdag 14 oktober på innandørsbana på Hyllestad.!
|
Samlagstemne 2015 |
Hyllestad skyttarlag arrangerte samlagstemna for Sunnfjord 15-16 august. Reidun Kristin Knapstad, Florø vart samlagsmester med 345 poeng, føre Jørgen Skivenesvåg, Hyllestad med 342 og Øystein Færøvik, Solund med 341.
Erik Tobias Sletteland,Dale vann rekruttklassen med 349 framfor Joakim Grimestad Krone,Gaular med 347 og Haakon Giil,Hyllestad med 340.
Sigmund Haugen Kjosaas,Dale gjekk til topps i eldre rekrutt med 350 poeng. 350 skaut og John Magne Sørbotten frå Florø som vart nr.2. Sunniva Kristine Mydland, Gaular vart nr. 3 med 346. 
Det vart heimesiger i klasse junior. Synnøve Sognnes vann med 344 framfor Magnus Kårstad,Gaular og Gaute Porten Øen, også han frå arrangørlaget. 
Ørjan Russenes vann klasse 2 med 337 poeng.
Gaular vann lagskytinga for ungdomsklassane med 199 poeng. På laget skaut Magnus Kårstad og Joakim Grimestad Krone.
Førde kneip sigeren i lagskytinga for senior med 285 poeng. Laget bestod av Herman Erdal, Ole Martin Erdal og Hallgeir Aalvik.
Alle resultat er å finne i resultatlinken under eller på resultatsidene til DFS. Totalt var det 82 deltakarar på stemna.
|
Hyllestadstemnet 2015 |
12.07.2015 
Idar Wergeland frå Lindås vann årets Hyllestadstemne med 344 poeng. På dei neste plassane følgde Bertel Oddne Mjellem,Hyen, Andreas Seilen, Åsane/Hordvik og Jørgen Skivenesvåg,Hyllestad, alle med 343 poeng. I V55-klassen var det Magnar Isene frå Førde som vann med 346 medan V65 klassen vart vunnen av Tore Iversen, Åsane/Hordvik med 348. I V73 vart det delt 1.plass mellom Toralf Årdal,Jølster og Peder Holme, Hyen, begge hadde 349 med 25* Klasse 1 vart vunne av Rolf Risnes frå arrangørlaget i hard kamp med lagkamerat Rune Stigedal. Begge enda på sterke 248 og innerblinkar måtte til for å skilje dei. Klasse 2 vart vunne av Trond Inge Asheim, Oppedal/Brekke med 340. Sigmund Haugen Kjosaas frå Dale skaut 350 med 27* og vann eldre rekrutt. I klasse junior var det Georg L. Johnsen, Askvoll/Holmedal som var best med 348. Same poengsum hadde og vinnaren i klasse rekrutt, Christian Hjartholm Solheim frå Oppedal/Brekke. Idar Wergeland fekk aksjar i både mesterskapspokalen(344p) og grunnlagspokalen(100p). Jørgen Skivenesvåg frå arrangørlaget skaut sterke 150p og fekk med dette aksje i 15-skot pokalen som vart oppsett så langt tilbake som i 1989! 
Sigmund Haugen Kjosaas vann eldre rekrutt med 350 
Magnar Isene vann V55 med 346 
Det var berre positive tilbakemeldingar å høyre om den nye parkeringsplassen. Totalt deltok heile 176 skyttarar på årets stemne. Vi vil takke alle deltakarane for oppmøte, og den trufaste dugnadsgjengen for eit vel gjennomført stemne. Under kan du finne resultata frå stemna. Stemneoppgjeret er lagt ut på DFS sine resultatsider. Resultatliste Presseliste
|
Til topps på Vestlandsstemna |
05.07.2015. Vi gratulerer Sunnfjord sitt 2.lag med sigeren i samlagsskytinga for ungdom på Vestlandsstemnet på Eid. Laget bestod av Gaute, Synnøve, Torinn og Sunniva Kristine Mydland frå Gaular. Topp skyting av alle! Sluttsummen vart 395. Stolte vinnarar, frå venstre: Sunniva Kristine Mydland, Gaute Porten Øen, Synnøve Sognnes og Torinn Eiken.
Individuelt vart det finaleplassar til Torinn (bane 347 og felt 41), Jørgen (bane 341 og felt 35), Gaute(felt 39) og Synnøve (felt 38)
Landsdelskrinsstemna 14.06.2015Vi hadde som vanleg mange deltakarar på årets landsdelsstemne som vart avvikla av Nyborg skyttarlag(bane) og Gula skyttarlag(felt), og skyttarane gjorde det godt i mange klassar. I eldre rekrutt plasserte Torinn seg heilt i toppen i både felt(2.plass med 42/7) og bane(tredjeplass med 349. I klasse junior vart Synnøve nr. 3 på felt med 40 treff og nr. 5 på bane med 344. Femteplass vart det og på Harry i V73 med 346. Han var og med på Sunnfjord sitt veteranlag som vart nr. 2. Arnhild fekk medalje som beste kvinne i klasse 3-5 med 336. Ho og Bernt Tore fekk og stjerner på mesterskapskytinga i klasse 3-5.
Arnhild vart beste kvinne i klasse 3-5 framfor Reidun Kristin Knapstad(t.v) og Janne Haugnes,.
Medaljevinnarane på bane i eldre rekrutt. Frå v. Kristian Haugsdal Asheim, Jon Magne Sørbotten, Torinn Eiken og Oddlaug Ellingsen Årskaug
Medaljevinnarane på felt i klasse Junior. frå v. Synnøve Sognnes, Magnus Kårstad og Georg L. Johnsen
|
Ny parkeringsplass i Ønadalen |
10.06.2015 Ja so er den nye og flotte parkeringsplassen ved skytebana i Ønadalen snart ferdig. No er det berre å glede seg til stemnene seinare i sommar. Den nye avkøyringa er og ferdig og klar til bruk.
|
Frydenbøcupen |
07.06.2015 Vi hadde 7 deltakarar på stemnene på årets Frydenbøcup, som er stemnene i Førde-Gaular-Holsen og Vadheim. Torinn skaut jamnt og veldig godt med bl.a to gonger 349 og vart nr. tre samanlagt i klasse eldre rekrutt. I tillegg hadde ho fleire pallplassar på enkeltstemner. Synnøve vart nr. 5 samanlagt i klasse junior etter jamn skyting. Harry skaut gode 349 og vart nr. 3 i V73 på stemna i Førde. Britt-Alice skaut 346 i ER på stemna i Gaular. På same stemne skaut Bernt Tore 341 i klasse 3-5.
Her kan du finne alle resultata frå stemnene.
|
Lerumcup 2015 |
18.05.2015 Lerumcup 2015 vart arrangert sist helg med over 600 deltakarar. Som vanleg hadde ungdomsgruppa organisert eit flott fellesoppleg med overnatting på Vesterland på Kaupangerskogen og bading i Lustrabadet i Gaupne i tillegg til skytinga då.! Resultatmessig vart det ikkje nokon topplasseringar for våre deltakarar denne gongen, men fleire oppnådde gode resultat på enkeltstemner. På 100m hadde Torinn fleire gode resultat i Eldre rekrutt med 348 som best i Knipenborg. Harry skaut kun stemna i Sogndal og oppnådde her 346. Beste resultat på 200m fekk Bernt Tore i Leikanger med 339 i klasse 3-5, Agnete skaut 337 i klasse 2 på same stemne. Viser elles til lerumcup sine resultatsider for for fleire resultat Vil og reklamere litt for facebook-sida til Hyllestad skyttarlag. Der kan du finne bilete og kommentarar frå Lerumcupturen.
|
Synnøve vann i Nyborg |
03.05.2015 Banesesongen i vårt nærområde vart som vanleg innleia med stemner i Oppedal og Nyborg. Og tradisjonen tru var det kald og tidvis vanskeleg vind som gjorde resultata variable. Synnøve var den einaste som hevda seg heilt i toppen då ho vann junior i Nyborg med 345 og vart nr. 3 i Oppedal med 343. Torinn skaut og godt i Oppedal i ER med 347. Viser ellers til Nyborg og Oppedal/Brekke sine heimesider for fleire resultat.
|
Samlagstemne felt |
25.04.2015 Gaular stod som tilskipar av årets samlagstemne på skyttatstadion på Sande. Resultatmessig vart det to andreplassar og ein tredjeplass som best på våre deltakarar. Torinn vart nr.2 i eldre rekrutt med 42/9 medan Britt-Alice skaut 42/6 og vart nr.5. Her var det med andre ord jamnt om tetplassane. Ole Einar fekk og skyte finale, og med 40 treff vart han nr. 9 I Klasse Junior kom Synnøve på andreplass med 39/7 medan Gaute vart nr. 3 med 39/6. I seniorklassen var det ingen av våre tre som kvalifiserte seg til finalen. Både Kåre, Kristin og Ørjar enda på 22 treff.
|
Lagsmesterskap feltskyting |
19.04.2015 
Hyllestad skyttarlag skipa til lagsmesterskap i feltskyting søndag 19.april på skytebaneområdet i Ønadalen. All skyting føregjekk på elektronikk og det vart oppnådd mange gode resultat. Det viste seg at det oppstod ein signalfeil for cal.22 skyttarane på hold 5, og det er difor resultata frå dei fire første holda som vart telgjande for rekrutteringsklassane. Alle resultata finn du HER
|
Vårtreffen |
13.04.2015 Utandørssesongen starta som vanleg med Vårtreffen i Årdal og Aurland. Her vart det arrangert to banestemner og to feltstemner. Våre deltakarar denne gongen var Vegard og Torinn. Torinn hadde beste resultat med sterke 349 og ein fjerdeplass i Knipenborg, medan det vart tredjeplass med 29/18 på det eine av feltstemna
|
 Utandørssesongen står for døra ,og det er mykje å sjå fram til. Blant anna skal vi arrangere samlagstemnet i august. I det høve kan det vere interessant å ta med biletet ovanfor som er frå Samlagsstemnet i Ønadalen 12-13 august 1949. Som vi ser så har tidene forandra seg mykje i skytesporten.
Når det gjeld oppstart av utandørstreningane i år så er første trening planlagt onsdag 15 april klokka 18:00. Vi håpar å få dette til sjølv om det føregår mykje annleggsarbeid på baneområdet i Ønadalen.
|
Lagsmesterskap 15m |
22.03.2015
Lagsmesterskapet innandørs vart arrangert søndag 22. mars med heile 31 deltakarar. Vinnar av klasse 3-5 vart Bernt Tore Inderøy med 246 poeng framfor Kristin Eide(243) og Sigvar Giil(235). I klasse junior vart det ein tett kamp mellom Gaute Porten Øen og Synnøve Sognnes, der Gaute til slutt vann med 246 mot Synnøve sine 244. Britt-Alice Thorsnes Solstad og Torinn Eiken oppnådde begge 247 i eldre rekrutt, men Britt-Alice vann med ein inner meir enn Torinn. Rekruttklassen vart vunnen av Haakon Giil med 244 poeng. I V73 var det Kjell Ingolf Eide som var best med 242. Agnete Solheim vann klasse 2 med 245, medan far Kjell Solheim vann klasse 1 med 234.
Den prestisjetunge skytinga om 10-skot pokalen vart denne gongen svært jamn der heile 11 skyttarar oppnådde 99 poeng eller meir. 4 skaut 100 poeng, og best av dei var Kristin Eide med 7 inner. Vidare følgde Bernt Tore Inderøy(5*). Agnete Solheim(4*) og Per-Magnar Sognnes(3*).
Etter skyting var det premieutdeling og koldtbord med mykje god mat. Stemninga var god mellom deltakarar og dei mange familiemedlemmane som hadde møtt opp.
100 poeng gjengen på 10-skoten. Frå høgre Kristin med 7 inner, Bernt Tore(5*), Agnete(4*) og Per-Magnar(3*)
|
Dalsfjordstemna Hyllestad |
15.03.2015
Dalsfjordstemna hjå Hyllestad er no ferdig, og vinnar i kl. 3-5 vart Reidun Kristin Knapstad (biletet), frå Florø.
Ho tangerte sin eigen banerekord med 348 poeng og var tre poeng framfor Hildegunn Strand frå Solund.
Ole Arild Aa frå Hyen kneip bronsemedalja på rangering med 344 poeng.
Sigmund Haugen Kjosaas imponerte med 350 poeng og klassesiger i eldre rekrutt.
Karoline Mo Feten, Fjordane, vann klasse Junior med 345, medan Erling Ellingsen Årskaug,Oppedal/Brekke, gjekk til topps i klasse rekrutt med 346.
Det vart siger til Oppedal/Brekke også i klasse 1, der Asbjørn Bjørneklett skaut heile 249.
Heimefavoritten Agnete Solheim vann klasse 2 med 345.
Tore Iversen,Åsane/Hordvik, imponerte med å skyte 350 i V65-klassen også i år.
I V73 vann Normann Sleire, Frøysetvågen med 347.
347 vart og vinnarpoengsummen i V55, men her vart det hard kamp om førsteplassen der innarane måtte skilje tre skyttarar. Alf Høysæther, Tysse vann framfor Lars Hallvard Ese og Bjarne Sandvik. Høysæther hadde heile 21 inner.
Agnete Solheim frå Hyllestad vann ein klar siger i klasse 2 med 345
Tore Iversen t.v plasserte alle 35 skota i tiaren og vann V65 medan Alf Høysæther vann V55 med 347 poeng.
Her er endelege resultat etter stemnet
Stemneoppgjeret er lasta inn på DFS sine resultatsider.
|
Synnøve med sterk andreplass på Fylkesstemna |
08.03.2015
Vi vil gratulere Synnøve med ein kjempesterk andreplass i klasse Junior på Fylkesstemna i Brekke. Ho vann omskytinga om andreplassen mot tidlegare LS-vinnar Jon-Hermann Hegg frå Lærdal, begge med 346 poeng.
Synnøve vann i tillegg stemna på Dalsøyra som vart arrangert i samband med Fylkesstemna. Her skaut ho imponerande 348 poeng.
Torinn skaut og veldig bra på Fylkesstemnet der ho til slutt enda på 4-plass i eldre rekrutt med 348 poeng.
|
Samlagsstemnet 15m i Førde |
01.03.2015 Hyllestadgjengen samla etter skyting i Førde
Som vi ser av biletet ovanfor, så var det imponerande mange som hadde teke turen frå Hyllestad til samlagsstemnet i Førde. For første gong var det avsluttande finalar søndag, og mange av våre deltakarar var involverte i medaljekampen. Gaute sikra seg samlagsmestertittelen i Junior med 340 etter ein spanande finale der det berre skilde eitt poeng mellom medaljevinnarane. Synnøve sikra dobbeltsiger til Hyllestad i denne klassen. Torinn vart nr. 3 i eldre rekrutt med 347 medan Britt-Alice vart nr. 4 med 342. Agnete gjorde comeback i klasse 2, der det vart ein fin andreplass med 338. I klasse 3-5 vart Bernt Tore nr. 5 med 337 medan Arnhild skaut 334 og vart nr.7. Gaute Porten Øen vann juniorklassen framfor Synnøve Sognnes og Magnus Kårstad
Sigmund Haugen Kjosaas vann eldre rekrutt framfor Tomas Haugnes og Torinn Eiken
|
Solundstemnet miniatyr |
15.02.2015
Som vanleg var det mange frå Hyllestad som tok turen vestover til miniatyrstemna på Hardbakke.
Vi fekk ein klassesiger denne gongen og det var det Kjell Ingolf som stod for i V73-klassen med 338.
Ellers vart det pallplassar til Torinn i eldre rekrutt(344) og Gaute i Junior(327).
Bernt Tore vart beste Hyllestadskyttar i seniorklassen med 5.plass med 338 medan Ørjar vann den interne, og svært prestisjetunge 3-klasseduellen mot Per-Magnar og Sigvar med 328 poeng.
Stor takk til Lisa for nybakte bollar som vart servert på ferjeturen.
|
Resultat frå 15m. stemner i Gulen |
01.02.2015 Torinn imponerte med å vinne eldre rekrutt på stemnet i Brekke med fullt hus 350 poeng. Den andre pallplasseringa stod Bernt Tore for, då han vart nr. 3 i klasse 3-5 på stemnet på Dalsøyra med 343 poeng. Dessutan var Kåre beste skyttar i klasse 3 på same stemne med 337 poeng. Vi hadde totalt 11 deltakarar på stemnene + Jørgen som for tida skyt for Åsane/Hordvik.
Du finn resultata med å trykkje HER
|
Sunnfjordpokalen 8 |
26.01.2015
Hyllestad skyttarlag arrangerte 8 runde i Sunnfjordpokalen onsdag 28 og fredag 30 januar.
Reidun Kristin Knapstad, Florø skaut pene 347 og hadde beste resultat av kl. 3-5 skyttarane.
Erik Tobias Sletteland, Dale imponerte med å skyte 350 i klasse rekrutt, medan Torinn Eiken frå arrangørlaget skaut 349 i eldre rekrutt.
Alle resultata er lagt ut på Mitt DFS.
|
Juleavslutning |
20.12.2014
Onsdag 17. desember var det juleavslutning på innandørsbana med skytekonkurranse og quiz. På skytinga var det Torinn og Synnøve (biletet) som gjorde opp om topplassen, begge med 250 poeng. Etter finalen var det Synnøve som gjekk heilt til topps med 99 mot Torinn sine 97 poeng.
På quizen var det Ørjar som kunne ta imot 1.premien.
Resultata i skytekonkurransen vart soleis:
Ole Einar, 238 Britt-Alice, 242 Synnøve, 250 + 99 Lyder, 229 Vegard, 231 Henriette, 211 Ole Johan, 246 Robin, 210 Tuva, 215 Agnete, 233 Kristin, 228 Martine, 244 Torinn, 250 + 97 Ørjar, 234 Kåre, 239
|
Årsmøte 2014 |
Årsmøte vart halde laurdag 29. november på innandørsbana. Årsmøteprotokoll og diverse årsmeldingar er no lagt ut under medlemsinfo
|
Sterk skyting i Oslo |
06.12.2014
Dei yngste deltakarane våre på stemnene i Oslo:
Frå.v. Synnøve , Torinn og Gaute
Torinn imponerte voldsomt på stemnene i Oslo-området i helga.
I Asker vann ho rekruttklassen med 250 (15*).
På 50m-stemnet til Høland/Bjørkelangen vart det andreplass med 249 (17*) og dermed kvalifisert til superfinalen for andre året på rad.
Her vart det fjerdeplass med 104,9 poeng i kamp mot dei beste i alle liggandeskytingsklassane.
Gode resultat også av våre andre håpefulle deltakarar, men nivået er utruleg høgt, slik at det er vanskeleg å få topplasseringar.
Nedanfor finn du resultata til våre 6 deltakarar.
Gaute (J) : 230-234-336-237
Torinn (R) : 249-250-345-247
Synnøve (ER) : 247-248-346-246
Ørjar (3) : 225-222-320-212
Arnhild (5) : 237-237-333-235
Jørgen (5) : 241-237-334-239
|
3 runde Sunnfjordpokalen |
08.11.2014
Det var mykje god skyting i tredje runde av Sunnfjordpokalen, i Hyllestad.
Kl 3-5 blei vunnen av Reidun Kristin Knapstad med småpene 347. I kl. ER skaut Torinn Eiken 350. To veldig gode prestasjonar! Resten av resultata kan sjåast ved å trykkje seg inn på denne lenkja her
|
Innandørstrening |
Lyst til ny og spanande fritidsaktivitet? Ungdomsutvalet i Hyllestad skyttarlag inviterar til skytetrening på onsdagar på innandørsbana på Hyllestad frå kl. 18.00 med siste lag kl. 19.30. Skyting er ein sport for alle frå 10 år(med ein vaksen). Våpen og utstyr til utlån på bana. Velkommen innom!
Liste over ansvarshavande for treningane fram til jul finn du under linken til ungdomsgruppa.
|
Åpningsstemne i Jølster |
19.10.2014
Jølster skyttarlag arrangerte opningsstemne på den nye flotte skytebana søndag 19. oktober.
Vi stilte med to deltakarar, der Bernt Tore fekk beste plassering med ein fin andreplass i klasse 3-5 med 338 poeng.
Harry vart tredjemann i V73 med 337 poeng.
Skyteforholda var litt varierande med vind som kom og gjekk. Men baneanlegget er imponerande og vi vil gratulere jølstringane med ein fantastisk flott skytearena.!
Her ligg det mykje god dugnadsinnsats bak !!
Norgescupavslutning
01.09.2014
Jørgen deltok på tredje og avsluttande runde i Norgescupen som vart arrangert på Nordmøre sist helg.
Han oppnådde poengsummane 340, 339 og 333.
Les meir om Norgescupavslutninga Her
|
Finale i Sogn og Fjordane-serien |
24.08.2014
Årets utandørssesong går mot slutten, og laurdag 23.08 vart finalen i SF-serien arrangert i Florø. 6 deltakarar frå Hyllestad var med.
Det var Kristin og Kåre i junior, Britt-Alice og Torinn i rekrutt, Bernt Tore i kl.5 og Ørjar i kl.3.
Kristin var den einaste som greidde topp tre-plassering i finalen med ein tredjeplass.
Dei tre beste i finalen i klasse junior: F.v Kristin Eide, Torleiv jr.Straume og Regine Nesheim
|
Lagsmesterskap bane 2014 |
16.08.2014
Lagsmesterskapet i baneskyting vart arrangert laurdag 16.08 på skytebana i Ønadalen.
20 deltakarar stilte på standplass.
Rekruttane, f.v Sivert, Torinn(vinnar med 345), Haakon, Britt-Alice , Ole Einar og Nina.
Synnøve vann eldre rekrutt
Agnete vann Junior framfor Gaute
Harry(t.h) vann V73 framfor Kjell Ingolf
Kjell S var storfornøgd etter andreplassen i klasse 1
Klasse 3-5: frå v. Bernt Tore(341), Jørgen(vinnar med 342), Arnhild(340), Ørjar, Per-Magnar og Erling
|
LS Sandnes |
08.08.2014 Landsskyttarstemnet i Sandnes er over. Vi har laga ei oversikt over alle resultata for våre deltakarar.
|
Hyllestadstemnet 2014 |
13.07.2014
Arild Røyseth, Åsane/Hordvik vann årets Hyllestadstemne. Han oppnådde 347 poeng tett følgd av Oslo/Østre-skyttarane Nils Thomas Valand med 346 og Bjarne Muri med 345.
Røyseth vann dermed nok eit flott rosemalt fat som vinnar av stemna og dessutan aksjar i mesterskap- og 15-skot pokalane.
Erling Melvær og Nils Thomas Valand fekk begge aksjar i grunnlagspokalen med 99 med 5 inner.
V55- klassen vart vunnen av Arvid Brennset, Leikanger med 346.
I klasse 2 var det Hans Martin Eide frå Tysse som vann med 344, medan Arnt Hogne Haugland, Oppedal/Brekke vann klasse 1 med 245.
På 100m var det som vanleg mykje svært god skyting.
Jon-Hermann Hegg skaut nok ein gong 350 på bana i Ønadalen og vann Eldre Rekrutt. Broder Jens-Henrik Hegg var ikkje mykje dårlegare då han vann klasse rekrutt med flotte 349.
Juniorklassen vart vunnen av Runar Haugsdal Asheim frå Oppedal/Brekke med 349.
Else Eidsvik frå Os klinka til med 350 og vann dermed V65-klassen.
Ståle Loftheim, Holsen gjekk til topps i V73 med 348.
Resultata er og lasta inn på DFS sin resultatoversikt.
Totalt var det 144 deltakarar på stemna som vart avvikla i strålande varmt sommarver.
Oversikt over vandrepokalar og tidlegare vinnarar av Hyllestadstemna finn du under resultater i venstremenyen
Nedanfor har vi lagt ut nokre fleire bilete frå stemna:
Brødrene Jon-Hermann og Jens-Henrik Hegg vann Eldre rekrutt og rekrutt med 350 og 349..
medan Runar Haugsdal Asheim(t.h) vann junior med 349 og bror Kristian vart andremann i rekrutt med 348
Else Eidsvik frå Os imponerte med å skyte fullt hus 350 poeng i V65-klassen
Arvid Brennset vann V55 med sterke 346
|
Vestlandsstemna på Voss |
07.07.2014
Sunnfjord sitt vinnarlag i samlagsskytinga med 399 poeng.
På laget skaut Sigmund H. Kjosaas, Tomas Haugnes, Kristin Eide og Sondre Myklebust
Kristin skaut 100 poeng som ankerkvinne på Sunnfjord sitt ungdomslag. I tillegg vart det tredjeplass på bane med 348 og fjerdeplass i felt i junior.
Kåre, Synnøve, Torinn og Jørgen kvalifisrte seg og til finalar og fekk fine plasseringar.
Samlagsstemne bane
22.06.2014
Det vart mange "pallplassar" men ingen klassesigrar til Hyllestad på årets Samlagsstemne som vart arrangert av Gaular skl. Men, Hyllestad 1 gjekk heilt til topps på lagskytinga for ungdomsskyttarane. På laget skaut Torinn(98) og Kristin(100). Dermed vann vi og vandrepokalen til odel og eige.!
På seniorsida vart laget vårt nr.2. På laget skaut Ørjar(87), Bernt Tore(97) og Jørgen(97)
Torinn vart nr. 2 i rekrutt med 343 ,etter suverene Sigmund Haugen Kjosaas frå Dale som klinka inn 350 med 10 inner i finalen.
Nr. 2 vart og Harry i V73 med 346. Kristin kapra bronsemedalja i Junior med 347.
Bernt Tore vart tredjemann i klasse 3-5 med årsbeste 341 poeng.
Jørgen sikra seg samlagsstemnemedalja med 335 poeng og 7.plass.
På Gaular sine heimesider kan du finne både bilete og fleire resultat.
Flott skyting på Firarstemnene
30.06.2014
Jørgen klinka til med heile 345 og ein andreplass på stemna til Gaular skyttarlag. han hadde og 341 i Førde og 340 i Holsen. Arnhild skaut solide 342 i Gaular.
Britt-Alice hadde og ei fin skytehelg i rekrutt med mellom anna 347 og ein andreplass i Førde.
|
Harry vart landsdelsmester |
15.06.2014
Harry vart landsdelsmester i felt på Hafslo
Det vart fleire medaljer med heimover etter landsdelsstemna på Hafslo i helga.
Best av alle var Harry som gjekk heilt til topps på feltskytinga i V73-klassen. Han skaut fullt hus i finalen, men måtte gjennom omskyting mot Oddmund Humlestøl der begge nok ein gong hadde fullt hus. Denne gongen hadde Harry fleire innertreff og landsdelstittelen var dermed sikra med resultatet 41/8 . Vi gratulerar!
Torinn var kun nokre innertiarar frå å vinne baneskytinga i rekruttklassen men vart nr.2 med 344 poeng etter flotte 100 poeng i finalen.
Bernt Tore sikra seg medalje på grovfelten etter å ha avansert ni plassar i finalen til ein niandeplass. I tillegg fekk han og med seg si 11 stjerne på banskytinga.
Kristin hadde kanskje litt stang ut denne helga, men skaut seg allikevel til ein fin fjerdeplass på banefinalen i junior med 347, kun ein inner frå bronsemedalja.
Vi må og nemne Kåre som skaut fullt hus 100 poeng på samlagsskytinga for Sunnfjord 1. På same laget skaut Kristin 99 på ankeretappen. Torinn oppnådde 99 på førsteetappen på Sunnfjord 2.
Det var varmt og fint ver heile helga, kanskje litt vel varmt for å ha skytekle på, puhh..
|
349 i Florø |
07.06.2014 Torinn varta nok ein gong opp med sterk skyting då ho vann rekruttklassen i Florø med 349. Britt Alice følgde fint opp med 342 og ein sjetteplass. V73-gjengen vår hadde og teke turen nordover denne helga. Harry og Kjell Ingolf skaut heilt likt, nemleg 343 med 17 inner. Arnhild oppnådde 341 og ein fin 7.plass i 3-5.
|
Solundstemnet 2014 |
01.06.2014 Tradisjonen tru vart det skytetur til Sula for mange av oss denne sommaren og. Ein fin opplevelse med flott ver og gode skyteforhold. Fine plasseringar vart det og. Synnøve vann eldre rekrutt med 345 og Torinn vann rekrutt med heile 349. Harry vart andremann i V73 med 345.
|
Lagsmesterskap feltskyting |
29.05.2014
Lagsmesterskapet i feltskyting vart arrangert torsdag 29 mai på skytebaneområdet i Ønadalen. 20 skyttarar stilte på standplass til det første lagsmesterskapet vårt i feltskyting som har vorte arrangert kun på elektronikk.
Som vanleg var det mange gode resultat, og det vart jamne duellar i dei fleste klassane.
Vi tek med klassevinnarane: Rekrutt: Torinn Eiken 30/24, Eldre rekrutt: Synnøve Sognnes 29/20, Junior: Kåre Eide 29/22, V73: Harry Porten 29/15, 3-5: Bernt Tore Inderøy 30/17, Klasse 1: Jan Åge Solstad 26/14,
Her kan du finne alle resultata , inkludert stang og felthurtig (resultata er og lasta ned på DFS sin resultatoversikt)
Glade premievinnarar.!
|
Lerumcup 2014 |
25.05.2014 Så var Lerumcup over for i år. Denne gongen hadde vi eit opplegg der stort sett alle var samla på Vesterland på Kaupanger mellom skyteøktene på banene rundt om i Indre Sogn. I det høve må vi takke ungdomsgruppa v/Lisa som hadde organisert både overnatting og aktivitetar med grilling og ein svært hyggjeleg pizzakveld. Når det gjeld skytinga, så var det Kristin og Torinn som hevda seg best samanlagt på dei fem stemnene. Torinn vart nr. 3 i klasse rekrutt medan Kristin vart nr. fire i juniorklassen.Ho var forøvreg berre to fattige poeng frå å vinne sin klasse. Av enkeltresultat så hadde Kristin ein andreplass i Farnes med 349 som beste plassering. Torinn plasserte seg best på Leikanger med andreplass med 347. Harry skaut og jamnt godt i V73 med 348 i Knipenborg som best. Blant seniorane var det Jørgen som plasserte seg best. Han skaut 341 på Leikanger og i Fortun.
Sjå innom Lerumcup si heimeside. Der finn du alle enkeltresultat og samanlagtresultat.
Mykje god mat og drikke på pizzakvelden på Vesterland
Kåre tok ansvar som bartender
|
Kristin og Torinn vann på Oppedal |
11.05.2014
Dei tradisjonsrike vårstemnene i Gulen vart arrangerte i helga, og våre deltakarar hevda seg godt.
Kristin(Junior) og Torinn(Rekrutt) vann sine klassar på Oppedal med 348 og 346. Synnøve(Eldre rekrutt) sikra seg bronse med 346.
Jørgen hadde og ei god skyttarhelg med ein kjempeflott tredjeplass på Oppedal med 344 medan det vart 340 og ein åttandeplass på Nyborg. På denne stemna vart Kristin nr. 3 i Junior med 348.
|
Torinn til topps på banestemna i Seim |
04.05.2014
Jørgen, Britt-Alice og Torinn deltok denne helga på stemner i Hordaland.
På stemnet i Seim viste Torinn flott skyting og vann klasse rekrutt med 347 poeng.
|
Samlagsstemne i feltskyting |
27.04.2014
Torinn og Gaute sikra seg kvar sine pallplassar på samlagsstemne i felt i Flekke i helga.
Torinn vart nr. tre i klasse rekrutt med 41/10, medan Gaute vart nr. 3 i klasse junior med 36/6
Medaljevinnarane i Rekrutt: Frå v. Sigmund Haugen Kjosås, Erik Tobias Sletteland og Torinn Eiken
Medaljevinnarane i Junior: Frå v.: Sondre Myklebust, Georg Johnsen og Gaute Porten Øen
Fullstendige resultatlister finn du på Dale skl si heimeside.
|
Vårtreffen |
06.04.2014 Britt-Alice og Torinn gjorde det skarpt på Vårtreffen i helga.
Utandørssesongen er i gang, og rekruttane våre oppnådde flotte resultat på stemnene i Indre Sogn i helga. Det vart arrangert to banestemner og to feltstemner i Årdal og Aurland. Torinn skaut kjempegodt på alle stemnene og vann klasse rekrutt på banestemnet i Aurland og vart nr. 2 på banestemna på Årdalstangen. Ho skaut og 30/18 på begge feltstemnene noko som heldt til to tredjeplassar.På det eine feltstemnet vart likevel Britt-Alice best av våre med 30/21 og ein andreplass. Jørgen deltok og på stemnene i helga og hadde sitt beste resultat på banestemnet i Aurland med 340.
|
Lagsmesterskap 15 meter |
30.03.2014
Søndag 30. mars var det klart for vårens vakraste eventyr, nemleg lagsmesterskap 15 meter, koldtbord og premieutdeling.Sidan veret var så flott vart det rigga til langbord ute og folk kosa seg med kjempegod mat etter at skytinga var ferdig. Lagsmester i hovudklassen 3-5 vart Jørgen med 242 framfor Bernt Tore med 240 og Arnhild med 238. I klasse rekrutt var det svært jamnt med heile 4 deltakarar med 245 eller betre. Aller best denne gongen var Haakon med 246 framfor broder Sivert på andre , Britt Alice på tredje og Torinn på fjerde. Synnøve vann eldre rekrutt med 248 medan Torstein tok andreplassen. Kristin vann ikkje uventa klasse junior med 248, men ho fekk kamp til døra av broder Kåre som skaut 246. Gaute vart nr. 3 og Agnete nr. 4. Per Inge hadde ikkje gløymt gamle kunstar etter 20 års fråver og vann klasse 1 med 243, men med berre ein inner meir enn jan Åge på andreplass. I V73 vart det som vanleg eit hardt oppgjer mellom Harry og Kjell Ingolf. Denne gongen var det Harry som vart best med 238.
Vi må rette ei stor takk til ungdomdsgruppa og andre som bidrog med eit flott opplegg og god mat til koldtbordet der skyttarar og familie elles kosa seg i solskinet.!
Her er resultata frå lagsmesterskapet:
Nokre bilete:
Jørgen og Kåre skaut begge 100 poeng på den prestisjetunge 10-skoten. Men Jørgen vann med 5 inner mot 3.
Deltakarane i 3-5 frå venstre nr 1, Jørgen og vidare Bernt Tore, Arnhild, Ørjar og Per-Magnar
Juniorane samla etter premieutdelinga. Frå venstre vinnaren Kristin deretter Kåre, Gaute og Agnete
Rekruttane med vinnar Haakon til venstre, deretter Sivert, Britt Alice, Torinn, Ole Einar og Nina
Duellantane i V73 med vinnaren Harry til venstre og Kjell Ingolf til høgre
Per Inge t.v vann klasse 1 knepent framfor Jan Åge
Folk kosa seg med god mat etter at skytiga var ferdig
|
Finale Sunnfjordpokalen |
22.03.2014
Vi hadde to deltakarar i finalen i Sunnfjordpokalen som vart avvikla i Florø laurdag.
Torinn skaut kjempegodt og vann klasse rekrutt med 349 poeng.
Ørjar vart nr. 2 i klasse 3 med 326.
Dermed er årets innandørssesong nesten over. No gjenstår kun lagsmesterskapet som etter planen skal avviklast neste helg.
|
Dalsfjordstemnet-Hyllestad |
16.03.2014
Jens-Kristian Larsen(bilde) frå Oslo Østre vann årets Hyllestadstemne i miniatyr med poengsummen 347. Han var eitt poeng framfor Knut Martin Bjørnestad frå Meland som vart nr.2. Reidun Kristin Knapstad frå Florø vart nr. 3 med 345.
Det vart og oppnådd svært sterke resultat i dei andre klassane.
Vi tek med klassevinnarane:
V55: Alf Høysæther, Tysse 347
V65: Tore Iversen, Åsane/Hordvik 350
V73: Magnar Molland, Sogndal 347
Rekrutt: Torinn Eiken, Hyllestad 348
Eldre rekrutt: Hermann H.Uglum, Sogndal 348
Junior:Georg L. Johnsen, Askvoll/Holmedal 349
Klasse 2: Henrik Øvretveit, Meland 343
Klasse 1: Morten Sakstad, Meland 250
Stemneoppgjer er og lagt ut på DFS si resultatoversikt.
Tore Iversen,Åsane/Hordvik, klinka til med 350 poeng og vann V65-klassen
Georg L. Johnsen, Askvoll/Holmedal vann junior med sterke 349
Heimefavoritten Torinn Eiken vann rekrutt med 348
Morten Sakstad frå Meland presterte å skyte fullt hus 250 poeng då han vann klasse 1.
Vi er godt nøgde med at 138 skyttarar deltok på stemna vår denne helga og vil takke deltakarane for frammøtet, og ikkje minst velkomne igjen allereie på banestemnet vårt midt i juli.!
Vi har livevisning av skivene våre og fortløpande oppdaterte resultatlister.
|
Bronsemedalje på Fylkesstemna |
09.03.2014 T.v Torinn som fekk bronsemedalje med 348. God skyting også av Britt Alice(345) og Synnøve med 342.
Torinn skaut flotte 348 og sikra seg bronsemedalja i klasse rekrutt på årets fylkesstemne som vart arrangert i Skjolden. Ho fekk dermed ein skikkeleg opptur eitt år etter at ho vann same klasse på fylkesstemnet på heimebane i fjor. Britt Alice imponerte også med 345 og ein 7.plass. Synnøve skaut 342 i klasse Eldre rekrutt. Vi må også nemne at Vegard Solhaug frå Aurland presterte å skyte fullt hus 350 poeng då han vart fylkesmester i klasse 3-5. Ein fantastisk idrettsprestasjon!!
Norum og Hafslo arrangerte stemner på same tid som Fylkesstemnet.
Miniatyrstemne i Solund 02.03.2014 Ein fin gjeng sette kursen vestover til Sula for å måle krefter på det årvisse miniatyrstemnet. Denne gongen fekk vi ingen klassevinnarar, men pallplassar vart det til Harry(V73), Synnøve(ER) og Kåre(J) I seniorklassen vart Bernt Tore best av våre med fjerdeplass.
Kristin vart samlagsmester 24.02.2014
Vi gratulerar Kristin som samlagsmester i klasse junior. Ho gjekk til topps på stemnet som vart arrangert i Naustdal i helga. Kåre vart nr. 2. Dei var utruleg nok dei einaste deltakarane i denne klassen.
I Eldre rekrutt fekk Synnøve bronsemedalja.
Jørgen var svært nær bronsemedalja i seniorklassen men måtte nøye seg med fjerdeplassen med poengsummen 340.
Norum-Sogndal-Leikanger
08.02.2014
Vi tek med resultata frå 15m-stemnene i indre Sogn i helga, der Torinn og Kristin oppnådde dei beste plasseringane av våre deltakarar. Torinn vart nr.2 i rekrutt på Norum med 247, medan Kristin fekk andreplassen i junior med 247 på Leikanger. Torinn skaut og 247 på Leikanger noko som heldt til fjerdeplass her.
|
Til topps i Florø og Naustdal |
02.02.2014 Kristin vann stemnene i Florø og Naustdal (Arkivfoto)
Kristin vann to stemner og Torinn eitt då trippelstemnene i Florø, Naustdal og Førde vart arrangerte i helga.
Kristin klinka til med 249 i Florø, medan 245 heldt til siger i junior i Naustdal.
Torinn vann rekrutt på stemnet i Naustdal med 245, rangert føre Britt Alice som vart nr. 2. I Florø skaut Torinn 248, men her rangerte ho etter to andre på same poengsum og vart dermed nr. 3.
Synnøve skaut til 347 i ER i Førde, og sikra seg med det andreplassen.
Arnhild skaut heile 244 på stemnet i Florø. Resultatet heldt til fjerdeplass i Klasse 3-5.
|
15m.-stemner i Nordhordaland |
27.01.2014 Team Sognnes og team Eiken tok turen sørover til nabofylket for å delta på stemnene i Lindås,Seim og Meland. Som vanleg vart det ein hard prestisjekamp mellom 3-klassingane Per-Magnar og Ørjar, der Per-Magnar denne gongen var best på to av tre stemner. Arnhild var ikkje uventa beste senior frå Hyllestad med 240 som høgste poengsum denne helga. Av dei yngste oppnådde både Torinn og Synnøve 247 på eitt av stemnene.
|
Sunnfjordpokalen 9.runde |
25.01.2014
Hyllestad skl. arrangerte 9.runde i Sunnfjordpokalen fredag 24.januar. Reidun Kristin Knapstad frå Florø oppnådde heile 348 poeng på "utandørsprogrammet" i klasse 3-5. God skyting også i andre klassar.
|
Baneopning i Brekke |
19.01.2014 I helga vart det første stemnet arrangert på den nye innandørsbana på Ortneset i Brekke. Samstundes var det og stemne på Dalsøyra. Som vanleg var det mange deltakarar frå Hyllestad på plass. På stemnet i Brekke vart Arnhild nr. 2, berre slått av vinterens store skyttar, Reidun Knapstad frå Florø. Kristin var tilbake på toppen av klasse junior på same stemnet. Ho skaut 344. Torinn vart nr. 3 i rekrutt med 345. På Dalsøyra vart det nok ei sterk plassering på Arnhild med tredjeplass med 343. Jørgen følgde hakk i hel med 342. Her vart Kristin nr. 3 i Junior med 341.
|
Vintertreffen 2014 |
12.01.2014 Vi har lagt bak oss ei helg med stemner både i Ytre Sogn og Bergen. Nesse,Fjordane og Vadheim arrangerte den tradisjonsrike Vintertreffen. Her hadde vi heile 12 deltakarar og fleire hevda seg godt både samanlagt og på enkeltstemner. Arnhild skaut som vanleg svært jamnt og godt og tok ein imponerande 2.plass samanlagt i klasse 3-5. På stemnet på Nessane fekk ho 242 og var berre ein sur innertiar frå 1.plassen. 242 vart det og i Vetlefjorden, medan resultatet vart 241 på stemnet til Vadheim. Begge desse resultata heldt til 3-plassar. Det var ingen andre som fekk" pallplasseringar". Nermast kom Synnøve i Eldre rekrutt i Fjordane med ein fjerdeplass med 248 og Torinn i Rekrutt med 247, også det i Fjordane. Sivert fekk og ei fjerdepass i rekruttklassen då han skaut 243 på stemnet til Vadheim.
|
Terminliste 2014 |
03.01.2014 Styret har sett opp den interne terminlista for Hyllestad skl. for 2014. Du kan sjå den under "Terminliste"
|
Skyttarhelg i Oslo |
01.12.2013
Så var det nok ein gong klart for ei stor helg i Oslo-området for dei skyteinteresserte.
Det vart arrangert 4 innandørsstemner med Oslo-open som høgdepunktet med heile 780 skyttarar påmeldt!!.
Vi hadde 8 deltakarar med denne gongen.
Av gode resultat må vi nemne Torinn som skaut fullt hus 250p i rekrutt på 50m-stemnet til Høland/Bjørkelangen. Dermed kvalifiserte ho seg til superfinalen, der dei to beste i kvar klasse deltek. Ho skaut kjempegodt her også, men nådde ikkje heilt opp mot pallen i konkurranse med dei to beste i R,ER,J og veteranklassane. Torinn skaut 102,8 på 10-skotsfinalen, medan vinnaren,ikkje heilt ukjende, Odd Kolsrud (V73) fekk 106,0.( Desimalane tel i finalen)
Ellers har Arnhild skote svært jamnt og godt med resultata 241,243, 340 og 241.
Her kan du finne alle resultata for våre skyttarar.
|
Årsmøte 2013 |
17.11.2013
12 medlemmar møtte på årets årsmøte som vart avvikla på innandørsbana søndag ettermiddag.
Det vart eit hyggjeleg møte med gode diskusjonar om mange saker.
Blant anna vart det vedteke visse justeringar i støtteordninga til skyttarane, der seniorane vart likestilte med dei andre.
Det vart og orientert om den endelege ferdigstillinga av innandørsbana med utbetaling av tippemidlar og" maratonsaka" om parkeringsarealet ved skytebana i Ønadalen der vi har von om å byrje gravearbeidet til våren.
Arnhild Eiken vart vald til ny leiar for ungdomsgruppa etter at Kjell Eide sa frå seg attval, og i IKT-utvalet vart Jan Åge Solstad ny medlem etter at Bernt Tore Inderøy takka av etter mange år.
|
Hauststemner i Sogn og Bergen |
17.11.2013
Jørgen var den einaste frå laget som trassa styggeveret med flaum og ras for å delta på 15m-stemnene i Leikanger,Sogndal og Hafslo.
Resultatmessig plasserte han seg mellom 6-12 plass, med poengsummane 239,340 og 237.
På stemnet i Fana måndag vart det 238 og ein 15.plass.
|
Sunnfjordpokalen 1. runde |
25.10.2013
Miniatyrsesongen i Sunnfjord vart sparka i gang med første runde av den årvisse treningscupen Sunnfjordpokalen. Etter litt småtrøbbel i starten, gjekk stemnet stort sett smertefritt. 32 skyttarar deltok, og det var prestert mykje god skyting. Mange skaut såpass bra på sesongopninga at dei må kunne mistenkjast for å ha tjuvtrent sidan utandørssesongen slutta i august.
I klasse rekrutt slo Erik Tobias Sletteland frå Dale til med 349. Ikkje så langt bak følgde Sigmund Haugen Kjosaas frå Dale og Britt-Alice Solstad frå Hyllestad med 344. I denne klassen vil vi nok få sjå tett kniving og gode prestasjonar frå mange ulike skyttarar utover sesongen! Tomas Haugnes vart best i ER, medan Sondre Myklebust toppa lista i juniorklassen. Begge med 347. Norvald Husetuft vart best i V73 med 336, medan Leif halvor Kårstad frå Gaular kom best ifrå det i klasse 1 med 340. Terje Alværvik frå Gaular toppa lista i V55 med sine 343. I klasse 3-5 vart det Bjarte Haugnes frå Florø som kunne smile breiast på veg ut av standplass. Han skaut til 343, og slo med det Ove Sunde på inner.
Resultatlistene frå første runde i Sunnfjordpokalen finn du her
|
Resultat frå Norgescupen i Sogn |
01.09.2013
Norgescupen i Indre Sogn i helga markerte punktum for årets utandørssesong.
Vi hadde 4 deltakarar på stemnene som vart arrangerte i Sogndal, Leikanger og Hafslo.
Laurdagen var prega av litt vanskeleg vind, særleg for dei som skaut med finkaliber og resultata ber nok litt preg av det.
Håpar likevel at Britt Alice og Synnøve synast at det var kjekt å vere med på Norgescupstemnene.
Bernt Tore var einaste senior frå Hyllestad som deltok. Han fekk sitt beste resultat i Leikanger med 339 med 100 poeng på grunnlaget.
|
God skyting på Lagsmesterskapet |
28.08.2013
Dei fleste av deltakarane samla etter premieutdelinga.
Lagsmesterskapet i baneskyting vart avvikla onsdag kveld med heile 25 deltakarar frå 8- til 74 år.
På den fine sommarkvelden vart det prestert mange kjempegode resultat.
På 100m skaut alle ein vanleg 25-skot, medan det på 200 meter vart skote Dugleiksmerkeprogrammet.
Ikkje uventa så var det Torinn som vann rekruttklassen. Ho skaut 248. Haakon vart nr. 2 med 243 og Britt Alice nr.3 med 242.
Eldre rekrutt vart vunne av Aleksander med 249 framfor Synnøve med 247 og Gaute med 245.
I Juniorklassen vart det nok ein gong ein søskenduell. Kristin vant denne gongen med 249 medan Kåre fekk 239.
I V73 vart det eit hardt oppgjer mellom Harry og Kjell Ingolf. Begge enda på 245, men Harry hadde ein inner meir.
På 200m slo Arnhild til med sterke 246 og vann ein klar siger framfor Bernt Tore med 240, Jørgen tok tredjeplassen med 239.
Sigvar vann kl.2 med 236 medan Kjell S. gjekk til topps i kl.1 med 235.
Vi håpar alle hadde ein hyggjeleg kveld med skyting, god mat og sosialt samvær.
|
Samlagsstemna i Holsen |
25.08.2013
Torinn skaut 347 og vann rekruttklassen.
Torinn var det store lyspunktet for Hyllestad då ho vann rekruttklassen på årets Samlagsstemne.
Ho fullførde dermed ein flott sesong med nok ein tittel i rekruttklassen.
Men ulikt det vi har vore vande med dei siste åra, så vart det ikkje fleire pallplassar til Hyllestad denne gongen.
Dei som kom nermast var Gaute i ER og Harry i V73, begge med fjerdeplassar.
|
Finale Sogn og Fjordane- serien |
17.08.2013
Finalen i Sogn og Fjordane-serien vart avvikla i Florø laurdag 17. august. Fleire av våre skyttarar var kvalifiserte til finalen, men berre Torinn og Britt-Alice tok turen til Norges vestlegaste by.
Torinn vann kvalifiseringa i rekruttklassen, der alle stemnene i Sogn og Fjordane kunne telje med.
I finalen opna ho sterkt og var i leiinga med 249 på 25-skoten. Men det var tett i toppen og med 96 på omgangen så vart det tredjeplass med 345.
Britt-Alice vart nr. 8 med 320.
Alle resultata, bilete og meir omtale frå finalen er å finne på Florø skytterlag si heimeside
|
Oppsummering LS på Oppdal |
10.08.2013
Det er tid for oppsummere årets LS som i år vart arrangert i Oppdal.
Viss vi skal nemne enkeltresultat så må vi trekke fram Torinn som sikra seg finaleplassar både på felt og bane med 29 treff og 247poeng. I finalen på felten vart det sterke 12/11 og ein kjempefin 14-plass. Ho skaut og 98 på andreetappen på samlagsskytinga for rek/jun. Her skaut Kristin ankeretappen, og klinka til med fullt hus 100 poeng på juniorprogrammet.
Av andre gode resultat må ein nemne Arnhild som skaut imponerande 99 poeng på grunnlaget og tilsaman 242 på innleiande baneskyting. Men med 96 på omgangen og 338 tilsaman vart det desverre to poeng for lite til LS-medalje denne gongen.
Det vart og prestert fleire gode enkeltresultat av dei 12 deltakarane frå Hyllestad, og det vart med beger og minnemedaljer heimover denne gongen og.
Nedanfor kan du finne ei oversikt over resultata for Hyllestad på årets LS.
|
HYLLESTADSTEMNET 2013 |
14.07.2013
Andreas Seilen vann Hyllestadstemnet med 345 poeng.
Andreas Seilen, Åsane/Hordvik vann årets Hyllestadstemne. Han oppnådde 345 poeng, eitt poeng meir enn Bertel Oddne Mjellem frå Hyen på andreplass. Bjarne Muri ,Oslo Østre kneip den siste medalja med 342.
Andre klassevinnarar vart:
V55: Harald Grytaas, Osterøy, 347 poeng
Klasse 2: Bjørn Ingvar Oppedal, Oppedal/Brekke, 334 poeng
Klasse 1: Kjell Kjosås,Dale 245 poeng
Junior: Torleiv Jr. Straume, Hyen 349 poeng
Eldre rekrutt: Benjamin Børslid, Seim 350 poeng
Rekrutt: Markus Nyhammer Haugen, Seim 348 poeng
V65: Kåre Olav Skår, Vadheim 349 poeng
V73: Ståle Loftheim, Holsen 350 poeng.
Fullstendig resultatliste frå stemna finn du Her
Stemneoppgjeret finn du Her
Premieoppgjeret vert og lasta opp til DFS sitt resultatsystem.
Stroka skyttarlag arrangerte stemna si samstundes, og resultata derifra finn du Her
Aksjar i dei tre vandrepokalane på Hyllestadstemnet:
Mesterskap: Andreas Seilen, Åsane/Hordvik 345 poeng
15.skot: Bertel Oddne Mjellem, Hyen 149 poeng
Grunnlag: Elisabeth Skudalsnes, Åsane/Hordvik 99 poeng
Totalt deltok det 143 skyttarar på stemna.
Oversikt over vandrepokalar og tidlegare vinnarar av Hyllestadstemnet finn du under Resultater i venstremargen.
Lagkameratane frå Seim ,Benjamin Børslid(ER) og Markus Nyhammer Haugen(R),vann sine klassar med 350 og 348.
Torleiv Jr. Straume frå Hyen vann juniorklassen med 349.
Harald Grytaas frå Osterøy vann ein klar seier i V55-klassen med 347
Ståle Loftheim frå Holsen skaut 350 og vann V73-klassen
|
Oppedal og Nyborg |
02.06.2013
Ein fin bukett Hyllestadingar på tur til Nyborg og Oppedal.
Framme f.v Sivert, Haakon,Britt Alice, Kristin og Gaute. Bak f.v Kåre,Sigvar og Aleksander
Det vart fleire gode plasseringar på helgas stemne i Gulen. Britt Alice vann sitt første stemne då ho gjekk til topps i rekruttklassen i Nyborg. Her vart Sivert nr. 3 i same klasse. Han fekk og 2. plass i Oppedal.
Kristin skyt jamnt godt og fekk to tredjeplassar i junior med 2x345. 345 skaut og Aleksander i ER i Nyborg, det heldt til fjerdeplass. Blant dei voksne vart det fjerdeplass til Bernt Tore i Oppedal med 340.
|
LERUMCUP 2013 |
12.05.2013
Ei svært så aktiv helg er over med 5 stemner i indre Sogn. Mange tok det som ein ferietur og hadde base på Sandvik camping i Gaupne. Så vidt vi kan sjå har det vore heile 19 deltakarar frå vårt lag på eitt eller fleire av stemnene, og det må vel vere bra!!
Beste samanlagtresultatet fekk Torinn med andreplass i rekruttklassen. Ho vann og to av stemnene med 349 og 348. Kjempeflott skyting.!!
Kristin hadde og ei god helg med bl.a 2x348 ,347 og 346 i juniorklassen. Samanlagt heldt det til ein fin femteplass.
Torinn vann rekruttklassen i Farnes med kjemperesultatet 349
Av andre gode enkeltresultat kan vi nemne Sivert (R) og Aleksander (ER) med 344 i Sogndal, Synnøve (ER) med 345 i Knipenborg .
Blant seniorane fekk Bernt Tore beste resultatet med 342 i Sogndal. Jørgen plasserte seg best samanlagt med bl.a 3x 338.
Nedanfor finn du ei oversikt over alle resultata for våre lokale heltar.
|
Jørgen vann Bryggjastemnet |
06.05.2013
Jørgen gjekk heilt til topps på 125-års jubileumsstemna til Bryggja skyttarlag i helga. Han oppnådde 337 poeng på den ikkje altfor enkle 300 meteren. På stemna til Stadtlandet vart det 331 og ei plassering litt lenger nede på listene.
Jørgen imponerte med å vinne jubileumsstemna på Bryggja.(arkivfoto)
|
Samlagsstemnet i feltskyting |
28.04.2013
Andreplassar til Jørgen, Kristin og Torinn på Samlagsstemna i feltskyting i Førde i helga.
|
Vårtreffen |
08.04.2013
Torinn viste storform med ein førsteplass, ein andreplass og ein tredjeplass i rekruttklassen på årets første banestemner i Årdal og Aurland. Også god skyting av Britt Alice i same klasse.
|
Terminliste Jaktskyting |
23.03.2013
Terminlista for jaktskytingane er no klar og er lagt ut under terminlister i venstremargen.
|
Lagsmeisterskap i miniatyr 2013 |
Høgt nivå i rekruttklassen:
Sivert(i oransje bukse) vann med 248 føre sist helgs fylkesmester Torinn(246) og Britt Alice(241) Torstein (t.h) vart nr. fire. Bak ser vi repr. frå Sparebanken, Turid Skivenesvåg og Reidun Høydal, som sponsa lagsmesterskapen.
26 deltakarar stilte på standplass til lagsmeisterskapen i miniatyr som vart arrangert 9. mars.
Vinnar i hovedklassen 3-5 vart Arnhild Eiken med 244, to innerar framfor Jørgen Skivenesvåg.
Andre klassevinnarar vart:
Eldre rekrutt: Gaute Porten Øen, 245
Junior: Kristin Eide, 246
V73: Kjell Ingolf Eide, 240
Kl. 1: Svein Tore Hatløy, 248
Kl. 2: Sigvar Giil, 238
Det var ein hyggjeleg ettermiddag med kjempegod pizza og mykje folk samla til årets siste innandørsstemne.
Det vart også skote ein uoffisiell 10-skotsserie der alle klassar konkurrerte på like vilkår på 10 skot liggande. Det vart til slutt Agnete Solheim som stakk av med sigeren, framfor Jørgen.
Agnete Solheim 100 (6)
Jørgen Skivenesvåg 100 (5)
Sivert Giil 100 (4)
Kristin Eide 100 (4)
|
Fylkesstemnet miniatyr 1-3.mars |
Vi gratulerar Bertel Oddne Mjellem (biletet) frå Hyen som Fylkesmester i miniatyrskyting 2013.
Han skaut fullt hus 100 poeng i finalen og stoppa på 345 poeng. På andreplass følgde Reidun Kristin Knapstad, Florø med 344 poeng, etter at også ho skaut 100 i finaleomgangen. Vegard Solhaug frå Aurland, som leia etter dei innleiande 25 skota, vart nr. 3 med 343 poeng.
Beste poengsum på stemna oppnådde Torinn Eiken frå Hyllestad då ho vann rekruttklassen med imponerande 349 poeng.
Andre klassevinnarar vart:
Eldre rekrutt: Malin Sæbø Nes, Leikanger 348p
Junior: Oddbjørn Eggum, Sogndal 346p
V65: Toralf Årdal, Jølster 348p
V73: Magnar Molland, Sogndal 344p
V55: Reidar Hestetun, Hafslo 345p
Kl.2: Linn Marie Øyrehagen, Norum 341p
Kl.1: Kjell Kjosås, Dale 247p
Alle klassevinnarane og Fylkesordføraren samla etter premieutdelinga:
Frå venstre: Toralf Årdal(V65), Linn Marie Øyrehagen(Kl.2), Torinn Eiken(R), Malin Sæbø Nes(ER), Fylkesordførar Åshild Kjelsnes(som stod for premieutdelinga), Oddbjørn Eggum(J), Reidar Hestetun(V55), Bertel Oddne Mjellem(3-5) og Magnar Molland(V73)
Torinn Eiken frå arragørlaget var naturlegvis storfornøgd med fylkesmestertittelen i rekruttklassen. På biletet ser vi ho etter at ho som den einaste på stemna greidde å skyte 250p på den innleiande 25-skoten.
For første gong vart Fylkesstemnet i miniatyr arrangert med eigen avsluttande finale.
Det vart mange tette duellar og mykje spenning under finaleanvisinga.
Som arrangørar håpar vi at alle fekk ei positiv oppleving av Fylkesstemna og av Hyllestad.
Vi vil takke alle som bidrog med gavepremiar slik at det kunne verte flotte sølvpremiar på 25-skoten.
Og også ei stor takk til Fylkesordførar Åshild Kjelsnes som ville komme for å stå for premieutdelinga.
Stemna samla totalt 178 deltakarar.
Alle resultat ligg og under Live resultat
- Sponsorliste gåvepremiar pr 04.03 finn du HER
For raskare oppdatering kan ein f.eks. bruke google eller safari nettlesar, evt. trykke F5 innimellom.
Medaljer til Torinn og Synnøve på Samlagstemna
24.02.2013
Det vart sølvmedaljer til Torinn i rekrutt og Synnøve i eldre rekrutt på samlagstemna i miniatyr i Gaular i helga. På 35-skot programmet skaut Torinn 344 og Synnøve 342. Kristin vart nr. 4 i junior med 341. I klasse 3-5 vart Bernt Tore best av våre med 338 og ein fjerdeplass.
|
Finale Sunnfjordpokalen |
Hyllestad skyttarlag inviterte alle skyttarar i Sunnfjord til finale i Sunnfjordpokalen søndag 10 februar på innandørsbana på Hyllestad skule. 38 skyttarar deltok.
Mange fekk med seg både pengepremiar og pokalar heim etter at status vart gjordt opp etter finaleanvisninga.
I" billedalbum" ligg bilete frå finalen.
Vi håpar det vart ein triveleg ettermiddag med intens spenning både med skyting og VM i skiskyting.!
Resultat frå stemner 2-3 februar
Vi har prøvd å få oversikt over resultata denne helga rundt om i fylket, og litt til..
Kristin vann junior på stemna i Førde med sterke 248. Synnøve delte førsteplassen i ER på same stemne med 243.
Ho vann og stemnet i Naustdal med 243
Ellers var det stemne i Nordfjord og i Trøndelag med deltakara frå Hyllestad.
|
4 klassevinnarar på stemna i Solund |
27.01.2013
Hyllestad vann alle rekrutteringsklassane på miniatyrstemna på Hardbakke.
Kristin vann junior med 247, Synnøve vann eldre rekrutt med 246 og Torinn gjekk til topps i rekruttklassen med 245.
I tillegg vart det siger til Svein Tore i klasse 1 med 247. Gratulerer til allle!
15m-stemner i Indre Sogn
20.01.2013
Det er hektisk med mange innandørsstemner no i januar. Denne helga var det heile 4 stemner i Aurland, Lærdal og Årdal og vi hadde deltakarar på alle plassane.
Synnøve stod for den einaste topp 3 plasseringa med tredjeplass i Eldre rekrutt med 246 på stemna til Farnes i Øvre Årdal. Men ho skaut og jamnt bra på dei andre stemnene.
Jamnt gode var og resultata til Torinn i rekruttklassen med besteresultat på Årdalstangen med 245.
|
Lindåsminiatyren 2013 |
13.01.2013
6 skyttarar frå Hyllestad hadde teke turen sørover til nabofylket vårt på skyttarhelg den 13.januar. Der vart det arrangert 4 stemner innandørs med relativt kort køyraavstand mellom banene. På Lindås si bane var det nok Arnhild sine sterke 244 og 3.plass som blir hugsa lengst. Elles så hadde Synnøve 150 på dei 15 siste skota og enda på 246 i Eldre rekrutt. Torinn hadde ikkje heilt dagen i rekruttklassen og enda på 234. Dei to siste, Ørjar og Per-Magnar ser ut til å vere omtrent jamgode denne helga, men begge har truleg litt å gå på. Resultat på Lindås si heimeside: http://www.skytterlag2.no/lindaas
|
Resultat frå Vintertreffen |
13.01.2013
Dei årvisse stemnene til Vetlefjorden, Vadheim og Nesse vart arrangert i helga. Kristin var den som hevda seg best samanlagt med tredjeplass i juniorklassen, og hadde sitt beste enkeltresultat på Nessane med flotte 248 og ein andreplass.Same plassering vart det og på Vadheim sitt stemne i Høyangerhallen med 246. Andreplassar fekk og Sigvar i kl. 2 med 241 på Vadheim sitt stemne og 240 på Nessane. Totalt deltok det 9 skyttarar frå Hyllestad på stemnene.
|
Nyttårstreffen i Florø |
06.01.2013
Kristin held fram med å skyte godt også i det nye året. På stemnet i Florø vart det 247 og ein andreplass i juniorklassen.
Broder Kåre skaut og bra med 242 i same klasse. Torinn skyt jamnt godt i rekruttklassen, denne gongen oppnådde ho 243.
I kl. 3-5 var det og tøft å hevde seg i toppen. Heimefavoritten Reidun Kristin Knapstad slo til med heile 248 og ny banerekord. Dermed vart det plasseringar litt lenger ned på listene denne gongen for våre deltakarar.
Jørgen og Arnhild skaut begge 237 medan Ørjar starta sitt nye liv i klasse 3 med småpene 230.
|
Romjulstreff 29-30 Desember |
Mange gode resultat på Romjulstreffen i Hyllestad!
Team Dulsvik frå Sogndal, var naturlegvis på plass for å teste bana som skal huse fylkesstemnet i miniatyr i Mars. Det enda med 350 med 29 *. Ny banerekord og solid siger i klasse ER for Lars Ove.
Pappa Asle starta godt i klasse 2, men måtte sjå seg slegen på målstreken med nokre fattige sentrum av Gula sin klasse 2-konge, Are Hjortland.
I klasse 3-5 var det også tett i toppen. Her var det Hilde Haarstad frå Gaular, som kneip førsteplassen nokre få sentrum føre Reidun Kristin Knapstad frå Florø. Begge desse damene enda på den pene poengsummen 344 poeng.
I klasse Rekrutt slo Synnøve Sognnes til på heimebane med sterke 348 poeng.
Kristin Eide, også ho frå Hyllestad, tjuvstarta på dei to åra i klasse J med eit par dagar, og slo til med smått imponerande 349 poeng.
Det var også knytta stor spenning til kven som klarte å finne mandelen i julegrauten. Ingen klarte dette første dag, slik at på siste dag låg det 2 stk mandlar i gryta. Kun ein vart til slutt funnen. Den heldige finnaren vart rekruttskyttar Lisa Ljotebø, Vadheim.
Hyllestad Skyttarlag takkar alle frammøtte for gode prestasjonar og framifrå innsats!
Her er presseliste med resultat klasse aspirant
Alle resultat skal no også vere lasta opp på mitt DFS.
|
Nesten til topps på Oslo Open |
02.12.2012
Lovise var 0,6 poeng frå sigeren i Oslo Open
Lovise leia juniorklassen etter 25 innleiande skot med imponerande 250p. I finalen vert det skote 10 skot der desimalane tel med. Her skaut Lovise berre tiararar og innerar og enda på 355,3 poeng, men tapte allikevel med o,6 poeng for Cathrine Brevig Berg, Sørskogbygda som og hadde 250 etter innleiande.
Vi gratulerar med kjempeflott innsats i det som nesten kan kallast NM på 15m.
Det vart i tillegg til Oslo Open arrangert 3 stemner i Oslo-området denne helga. Vi hadde med tilsaman 7 deltakarar på desse stemnene, noko som er litt færre enn dei siste åra.
Torinn og Synnøve hevda seg godt i rekruttklassen og hadde sine beste resultat med 246 og 243.
Ørjar skaut sitt beste resultat i Asker med 246 i kl. 2. Her hadde og Arnhild sitt beste med 242 i 3-5 klassen.
Ole Einar fekk 241 på 50m i Rælingen i Aspirantklassen.
Skyttarane våre fekk desse resultata på dei fire stemnene:
Torinn: 343-246-241-337
Synnøve: 340-237-243-337
Lovise: 348-250-247-346
Arnhild: 235-242-339
Ørjar: 336-241-246-337
Per-Magnar: 318-222-218-320
Ole Einar: 241-236-232-233
|
Jørgen i haustform |
20.11.2012
Skyttarlaga Leikanger. Sogndal og Hafslo arrangerte sine hauststemner i helga.
Jørgen viste fin form og skaut jamt godt på alle stemnene i klasse 3-5.
Beste poengsum og plassering fekk han i Sogndal med 344 og ein flott fjerdeplass. Ellers vart det 340 på Hafslo og 241 på Leikanger.
Torinn skaut 341 i Sogndal i rekruttklassen, med heile 247 på 25-skoten.
Jørgen deltok og på stemna til Fana måndag. Her vart det 241 og 12.plass.
|
Årsmøte 2012 |
17.11.2012
Årsmøte 2012 vart avvikla laurdag 17 november på innandørsbana på Hyllestad skule.
12 frammøtte sytte for gode diskusjonar om mange saker.
Skyttarlaget har i 2012 sluttført to store prosjekt som ein har brukt mykje tid og ressursar på i mange år.
Innandørsbana er no ferdigstilt og vart offisielt opna med samlagsstemna sist februar.
I Ønadalen er kjøpet av arealet vest for bana no endeleg i orden, og dermed kan arbeidet med utvidinga av parkeringsarealet starte opp.
Av andre saker kan vi nemne at årsmøtet vedtok å auke sponsinga av skyttarane under 20 år
Valnemnda hadde gjort eit godt arbeid og framlegget deira vart einstemmig vedteke.
Vi kjem tilbake med detaljert referat frå årsmøtet
Skyteskule
25.10.2012
Skyttarlaget arrangerar skyteskule i innandørsbana på Hyllestad skule.
Første kveld vert onsdag 31.10.2012 kl. 17.00
Vel møtt!
|
Sunnfjordpokalen 1. runde |
20.10.2012
Hyllestad skyttarlag arrangerte 1. runde i Sunnfjordpokalen torsdag 18- og fredag 19 oktober på innandørsbana på Hyllestad skule. Det var 30 deltakarar.
|
Dugleiksmerkeskyting 200 meter |
09.09.2012
Sundag 9.september vart dugleiksmerkeskytinga for seniorar og veteranar arrangert på bana i Ønadalen. Dette var siste skytinga utandørs for i år, og vergudane hadde utruleg nok avsett ein heil ettermiddag med opphaldsver i den anledning.
Oppmøtet var av forskjellige grunnar likevel ikkje det heilt store.
Etter merkeskytinga var det duka for lagsmesterskap i Texas-skytingane. Resultata bar preg av lkkje altfor mykje trening, men i år sette vi no opp sjølvanvisarane slik at det faktisk vart skyting, så litt framgong har det vore.!
Jørgen vann stangskytinga etter å ha starta friskt på kortholdet med 11 treff. Langholdet vart litt verre, her vart det 6 treff. Likevel, det heldt til siger med 17 treff.
Bernt Tore vann stuparen med tida 11,5 sekund.
Resultata frå dugleiksmerkeskytinga vart soleis:
Per-Magnar Sognnes (3), 212
Ørjar Eiken (3), 216
Harry Porten (V73), 240
John Stigedal (V55), 237
Kjell Ingolf Eide (V65), 234
Bernt Tore Inderøy (5), 242
Jørgen Skivenesvåg (4), 237
Finale Sparebanken Sogn og Fjordane-cupen
08.09.2012
Fire skyttarar frå vårt lag var kvalifiserte for finalen i Florø. Av dei var det tre som vann kvalifiseringa i sine klassar.
Lovise vann junior, Ørjar vann kl.2 og Arnhild vann kl.4. Her var Jørgen nr. 2.
Berre Jørgen og Ørjar møtte i finalen. Jørgen kjempa lenge om sigeren, men måtte til slutt sjå seg slått av Jens Terje Hammervoll frå Sogndal, som vann etter to skot i duellskytinga. Ørjar vart nr. 3 i finalen i sin klasse.
|
Mykje Hyllestad på Samlagsstemna |
26.08.2012
Arnhild, Bernt Tore og Jørgen vann lagskytinga på Samlagsstemnet
Hyllestad dominerte i mange av klassane på årets Samlagsstemne som vart arrangert av Dale skyttarlag.
Det vart ein historisk siger på lagskytinga for senior der vi vant med heile 5 poengs margin. På laget skaut Bernt Tore 96, Jørgen 95 og Arnhild 95. Dette er truleg den aller første gongen at Hyllestad har vunne lagskytinga for senior. Lagskytinga for rek/jun vart og vunnen av Hyllestad sitt 1.lag med Agnete og Lovise med den fantastiske poengsummen fullt hus 200 poeng. Og ikkje berre det, av dei 20 skota sat heile 17 i inneren. Lovise skaut 10 inner på juniorprogrammet, smått utruleg!! Dermed fekk laget sin fjerde aksje i vandrepokalen.
I juniorklassen vart Jonas samlagsmester med den sterke poengsummen 349 etter 100 i finalen, ein gledeleg og svært fortent siger.
I eldre rekrutt vart Agnete nr. 2 med 349 og Sverre nr. 3 med 348. Begge to skaut 100 poeng i finalen, Agnete med 10 inner!! Kåre hadde 250 på innleiande, men fekk to niarar i finalen og vart nr. 4.
Dessutan vart det finaleplassar på Harry i V73(247), Lovise i junior(244), Gaute i ER(246) og Sivert i rekruttklassen med 241.
Blant seniorane vart Arnhild best med 338 og 7.plass og mesterskapsmedalje, Bernt Tore vart nr.9 og Jørgen nr. 12.
Ørjar vann klasse 2 med 242.
Jonas vann Juniorklassen med 349 og Agnete tok sølvmedalja i ER med same poengsum.
Lovise og Agnete er svært fornøgde etter å ha vunne lagskytinga for rek/jun med fantastiske 200 poeng.
|
Jørgen og Agnete med medalje på LS |
17.08.2012
Jørgen og Agnete sikra seg kvar si medalje på feltskytinga på Voss. Agnete vart nr. 7 i ER med 42/11 etter 12/11 i finalen medan Jørgen og skaut knallgodt i finalen i kl. 3-5 med 12/7 og enda på delt 30-plass totalt med 41/7.
Det vart dessutan finaleplassar på baneskytinga til Lovise, Jørgen og Bernt Tore og på feltskytinga til Kristin (som vart nr.22 i ER), Bernt Tore (som ikkje skaut finalen) og Torinn.
Voss varta opp med godver og varme denne veka, og det var nok mange som opplevde å måtte vri svetten ut av skytekleda etter endt innsats. Temperaturmålaren i venteteltet klokka 16.30 på onsdagen viste ikkje mindre enn 45,8 grader!
Laurdag kveld var alle samla til grillfest i huset i Istadvegen. Kjell S kokte ein fantastisk rømmegraut som gjorde godt nedpå all grillmaten.
Vi har heldigvis det luksusproblemet at det vert for omfattande å ramse opp alle beger og premiar som fekk eigarar frå Hyllestad, men det var ikkje få. Ekstra kjekt då at aldersspennet var like frå 11 og til 73 år. For fleire var det aller første gong og vi håpar at veka på Voss ga meirsmak til dei kommande sesongane.
|
Bernt Tore vann Olsokstemnet, igjen. |
29.07.2012
Bernt Tore vann Olsokstemnet i Markane med 393 poeng.
For andre gong på tre år gjekk Bernt Tore heilt til topps på Olsokstemnet både totalt på meisterskapen og på den spesielle Olsokskytinga. Han hadde seriane 49-49-48-99-148 Meisterskapen vert altså avslutta med den såkalla Olsokskytinga som er 5 skot kneståande, 5 skot liggjande og 5 skot ståande i ein serie på 4 minutt, der BT oppnådde fantastiske 148 poeng.
Men laget markerte seg godt elles og. Ørjar vann både mesterskapen og Olsokskytinga i klasse 2.
Jørgen var beste fjerdeklassing på meisterskapen med 382 poeng.
Lovise vart nr. 3 i juniorklassen med 348.
Sunnylven arrangerte stemne samstundes og her oppnådde Lovise 349 og vart nr. 2. Sølvplass fekk og Torinn i rekruttklassen med 340. Ørjar vart og nr.2 med 240 i klasse 2. Jørgen sette ny pers med flotte 341 og vann klasse 4, mens Harry skaut godt i V73 med 346.
Meir om stemnene finn du under.
|
Hyllestadstemnet 2012 |
15.07.2012
Ein einsleg 9,9 på omgangen var alt som skilde Arild Røyseth frå å oppnå den magiske 350 poengsummen. Men det vart eit fantastisk resultat, stemnesiger og banerekord med 349.
Han vann og aksjar i alle tre vandrepokalane på mesterskap, grunnlag og 15-skot.
Stemna var prega av gode skyteforhold alle dagar og det vart gode vinnarpoengsummar i alle klassar.
På 100meteren var det heile 4 av klassane som vart vunne med fullt hus 350poeng. Dette var i rekrutt, der Jon Hermann Hegg, frå Hegg vann. I eldre rekrutt der Torleiv Jr Straume frå Hyen vannn og i begge veteranklassane med Tor Zachariassen frå Ålfoten i V73 og Toralf Årdal, Jølster i V65.
Juniorklassen vart vunnen av Lovise Eiken frå Hyllestad med 347.
På 200meter vann altså Arild Røyseth frå Åsane/Hordvik med fantastiske 349 framfor Svein Kåre Furre, Leikanger med 346 og Nils Holme frå Hyen med 345. Bertel Oddne Mjellem vart nr. 4 med 344poeng. Alle desse ligg no inne på DFS si 100-på topp-liste.
V55 vart vunnen av Alf Høysæther frå Tysse med 346. I klasse 2 var det Jo Helge Baarøy, Nyborg som gjekk til topps med 244, mens Roar Elnes, Gula vann klasse 1 med 246.
Totalt deltok det heile 164 skyttarar på stemna, det høgste deltakartalet på mange år.
Hyllestad skyttarlag takkar alle som tok turen til stemnet vårt og ynskjer velkomen attende ved seinare høve.
Stemneoppgjeret finn du HER
Stemneoppgjeret er og lagt ut på Mitt DFS.
Jon Hermann Hegg skaut 350 for første gong og vann rekruttklassen.
70 års aldersskilnad mellom vinnaren i V73, Tor Zachariassen som skaut 350 og Johanna Reksten som vart nr.2 i eldre rekrutt med 349.
Torleiv Jr Straume vann Eldre rekrutt med 350
Toralf Årdal gjekk til topps i V65 med 350
Oversikt over status på vandrepokalane på mesterskap - grunnlag og 15-skot ligg under resultatmenyen til venstre på sida.
Det første Hyllestadstemnet vart arrangert i 1973. Vi har sett opp ei oversikt over vinnarane i løpet av desse snart 40 åra.
Vestlandsstemnet
08.07.2012
Stemnet vart i år arrangert i Rosendal i Sunnhordland med rundt 380 deltakarar, av dei var 6 frå Hyllestad.
I dei siste åra så har vi vorte bortskjemde med Vestlandsmestertitlar og pallplasseringar på desse stemnene. I år vart det litt færre topplasseringar, Lovise var den einaste som fekk medalje med 4.plass i banefinalen i Juniorklassen. Mest positive overrasking stod imidlertid Torinn for då ho greidde fullt hus 30 treff på felten i rekruttklassen og ein andreplass før finalen. I finalen vart det litt "stang ut", men med litt meir erfaring så går det nok endå betre neste gong.
Ørjar sikra seg 3-plassen i kl.2 med 242 og nermar seg no opprykk til klasse 3. Jørgen hadde ein god feltrunde med 27 treff på grovfelten og 17 treff på stangskytinga. Kåre skaut og svært godt i eldre rekrutt med 249 på bane og 29 treff på felten. I finalane vart det litt for få poeng til pallplassar, men allikevel gode plasseringar i begge disiplinar.
Ellers vart det følgjande resultat for våre: (Bane-felt-stang)
Torinn:220-30/15
Kåre:249-29/14-11
Lovise:245-28/22
Arnhild:236
Jørgen:235-27/10 -17
Ørjar:242-21/4 -15
150 års-markering i Florø
02.07.2012
Florø skytterlag markerte sine første 150 år med jubileumsstemne fredag og laurdag.
Vi kan vel ikkje seie at det var noko folkevandring frå oss her i Hyllestad, men det vart bra plasseringar for dei som tok turen.
Nesten som vanleg vann Lovise juniorklassen, denne gongen med 347. Gaute persa med 343 og vart nr. 6 i eldre rekrutt. Harry skaut 342 i V73 og tok 3.plassen.
I seniorklassen vart Bernt Tore bestemann frå oss med 340 mens Arnhild skaut 338. Ørjar sikra seg andreplasen i klasse 2 med 240.
Nesten alle skaut dermed godt nok til å få dei spesielle jubileumspremiane.
Solundstemnet 2012
24.06.2012
Skytebana i Mebotn
Tradisjonen tru tok me turen til naboane i vest og banestemne på Hardbakke i jonsokhelga.
Nokre reiste mest for rømmegrauten, andre mest for skytinga.... og rømmegrauten. Den var forresten veldig god i år og.!
Men det handla jo om skyting og.
Lovise oppnådde det beste resultatet då ho tok ein suveren siger i juniorklassen med 349p. Ørjar vann og sin klasse(2) med 241. I hovedklassen 3-5 vart Bernt Tore nr.2 med 339 mens Jørgen skaut 332 og vart nr.8. Blant dei eldste(og mest rutinerte?) i V73-klassen skaut Harry 346 og var berre ein inner frå 1-plassen. Dessutan vart det pallplassar til Sivert med andreplass i rekruttklassen med 322 og andre og tredjeplass til Kåre og Aleksander i eldre rekrutt med 342 og 341. Haakon oppnådde og flotte 238 i Aspirantklassen.
Vi håpar at dei fleste var rimeleg fornøgde med sine eigne prestasjonar.
Ein hyggjeleg gjeng på ferja heimatt.
|
KRISTIN VART LANDSDELSMESTER |
10.06.2012
Kristin vann baneskytinga i Eldre rekrutt med fullt hus 350p.
Kristin gjorde det svært skarpt under Landsdelsstemnet som vart arrangert av Eidsbygda(baneskyting) og Markane(feltskyting). Ho vann baneskytinga med 350p og vart nr.2 på feltskytinga i Eldre rekrutt med 42/10, berre ein inner frå sigeren!. Dessutan vann ho Mesta-pokalen for beste plassiffer bane-felt. Vi gratulerar så mykje med flott innsats !
Men det vart fleire gode plasseringar. Lovise vart nr.2 på baneskytinga i Juniorklassen med 346p, mens det vart finaleplassar til både Kåre(249) i ER, Jonas(244) i Junior og Lovise(30 treff) i Junior.
På seniorsida vart det finaleplassar på baneskytinga til Bernt Tore(241), Arnhild(236) og Jørgen med 232.
Dermed sikra Bernt Tore seg si 10 gylte mesterskapsstjerne, mens Arnhild fekk både mesterskapsmedalja og medalje for tredjeplass i kvinneklassen.
På feltskytinga vart det finaleplassar til Bernt Tore(29 treff) og Ørjar(26 treff).
Hyllestad kvalifiserte seg og for første gong til Lagskytinga for kl. 3-5. Her vart vi nr.6 i finalen etter poengsummane Jørgen(97), Arnhild(89) og Bernt Tore(96).
Vi må vel kunne seie at laget markerte seg på ein fin måte i mange klassar.
|
Lagsmesterskap bane 2012 |
28.05.2012
23 deltakarar stilte på standplass på årets lagsmesterskap på bane som vart arrangert 2.pinsedag. Beste poengsum oppnådde Harry i V73-klassen med 349. Dei andre klassevinnarane på 100m vart: Rekrutt: Sivert med 326, Eldre rekrutt: Sverre med 347 medan Jonas vann juniorklassen med 342.
På 200m vart det ein ny siger til Bernt Tore i klasse 3-5 med 339 og dermed den 20 lagsmestertittelen på rad. I klasse 1 var det Sigvar som gjekk heilt til topps med poengsummen 237.
Stemnet vart avslutta med premieutdeling. Vi håpar alle tykte at det var ein hyggjeleg ettermiddag på skytebana. Vaflane gjekk i alle fall unna i rekordfart!
|
LERUMCUP 2012 |
20.05.2012
Lerumcup er over for i år og på dei fem stemnene i indre Sogn vart det prestert mykje bra skyting .I år var det ikkje så mange frå vårt lag som deltok på alle stemnene slik at dei var med i kampen om samanlagtpremiane.
Lovise var blant dei som deltok på alle stemnene og viste kjempegod skyting i Junior og vant samanlagt i denne klassen. Ho hadde resultata 346-347-349-347-348.
Arnhild persa i Sogndal med gode 343 i kl. 3-5. Bernt Tore hadde sitt beste resultat på Leikanger med 340, mens Jørgen skaut best i Fortun med 339. Harry fekk 345 og 346 i V73 i Sogndal og Leikanger. Ørjar, som skyt i klasse 2, hadde beste resultat med 339 i Knipenborg medan han skaut 337 på Leikanger. Viser elles til Lerumcup si nettside for alle resultat.
Totalt var det 13 deltakarar frå Hyllestad på ei eller fleire stemner
Lovise vann juniorklassen i Lerumcup
|
Lagsmesterskap feltskyting |
29.03.2012
Hyllestad skyttarlag avvikla lagsmesterskapet i feltskyting samstundes med Hyllestadfelten sist helg.
Det deltok 23 skyttarar. Heile 5 klassar vart vunne med fullt hus 30 treff.!
|