For raskare oppdatering kan ein f.eks. bruke google eller safari nettlesar, evt. trykke F5 innimellom.
 
 
 
 

OM OSS:

LITT HISTORIKK

  

Hyllestad skyttarlag vart skipa i 1903 under namnet Ulvik skyttarlag. Namnet Ulvik skyttarlag kjem av at laget hadde si første bane på garden Ulvik. Dette var nok eit provisorisk anlegg som snart synte seg å vere lite eigna. Etter kort tid fekk laget hand om eit område i Ønadalen der permanent standplass og skivegraver vart bygd.  Der har laget no hatt si bane i omlag 100 år. Svært få lag har fått vere i fred på same staden så lenge.
 
Innan DFS har det gjennom tidene vore konkurrert på ymse skyteavstandar. På området som laget disponerer er det skivegraver på 300,400 og 600 meter utanom halda som no er brukt på 100 og 200 meter.
 
 Det har gjennom tidene vore lagt ned eit svært dugnadsarbeid på anlegget i Ønadalen. Tidleg på 1970-talet vart bana modernisert etter tidas krav den gongen, med stålstativ på 100 og 300 meter. Vi hadde overbygd standplass med plass til 12 skyttarar på 300 og 8 på 100 meter.
 
Då dataalderen gjorde sitt inntog på resultathandsaminga, vart vi meir og meir plaga av forveksling med Ulvik skyttarlag i Hardanger. Dette skapte irritasjon på begge stader. Vi fann å måtte skifte namn. Frå 1.1.1999 vart namnet på laget Hyllestad skyttarlag, eit naturleg namneval.
 
 Den største endringa i skytesporten kom då dei elektroniske skivene tok til å verte vanlege på slutten av 1990-talet. I laget vårt forstod vi at skulle vi vere med vidare, måtte vi kaste oss på den galoppen. Eit svært ombygging/moderniseringsarbeid tok til. Etter ein enorm dugnadsinnsats kunne vi feire 100-års jubileet i 2003 på ei bane som hadde fått 5 elektroniske skiver på 100-meter, og nybygd 200-meter med 8 elektroniske skiver.
 
Vinteren 2011-12 vart ny 15m-bane ferdigstillt i kjellaren på Hyllestad skule.
Den har 7 elektroniske skiver.

IKT-utvalet

Hovedstyret

Ungdomsgruppa

Jaktutval

Diverse tillitsverv